Var alt håp ute?

29. mars 2017

Breimsbygda Idrettslag måtte ut i strafferunde og ekstraordinært årsmøte søndag for å få medlemmer i styre og AU på plass. Vi har no fått på plass ny leiar samt ny nestleiar, sekretær og styremedlem 2 ! Kven som har teke på seg jobben med å leie idrettslaget finn du ut ved å lese vidare…

 

Ny leiar i Breimsbygda IL er Bjarte Gangeskar!

Etter eit par års pause frå styreverv i idrettslaget har Bjarte takka ja, og blitt valgt til ny leiar. Med seg i det nye arbeidsutvalget/styret har han fått Vegar Sårheim som nestleiar, Gro Larsen Hjelle som sekretær og Erik Seime som styremedlem 1.

Camilla Heggen (styremedlem 2) og Ardis Løtuft (kasserar) sit i AU frå før. Alle gruppeleiarar har teke gjenvalg, så styresamansetninga er ellers som før.

Du finn oversikt over alle medlemmer i AU og Styre her

Vi ynskjer å takke avtroppande leiar Kristen Helge Kleppe, nestleiar 1 Olav S. Egge og sekretær Elin Bergheim for jobben dei har gjort for idrettslaget i mange år!