Siger og tap for herrelaget

10. mai 2017

Herrelaget er i gong med serien og har spelt to kampar. I første kampen blei det siger 2-1 heime mot Kaupanger 2. Her hadde vi bra kontroll på kampen og vann fortent etter scoringar av Arvid Bakke og Kjetil Løkke Vie.

I den andre kampen blei det tap 10-0 borte mot Eikefjord. Vi stilte med eit antatt sterkare lag enn i den første kampen og dei fleste kampane i fjor. Vi lyt såleis få lov til å stille spørsmål om kvifor Eikefjord ikkje kunne stille lag i 5. divisjon der dei eigentleg skulle spele i år. Blir det slik som med Saga for ein del år tilbake at dei er heilt overlegne i kampane sine, så burde dei vel kunne stille lag i 5. divisjon. Det var i alle fall ikkje eit resultat av at vi stilte med redusert mannskap..