Nordfjordrittet laurdag 3.6

2. juni 2017


Laurdag 3. juni vil over 200 personer tråkke seg rundt Nordfjorden. Opp Utvikfjellet vil dei nok minst ein gong lure på kva i all verda som fekk dei til å melde seg på denne kraftprøva?

 

Møt opp på Sandane i to-tida, og ver med å heie ryttarane fram! Ta med deg familie og venner, flagg, bjøller og anna moro. Ver med å gje ryttarane ei kjærkomen energiinnsprøyting når dei syklar gjennom Nordstrandsvegen i Sandane Sentrum. I tillegg til idrettsglede kan vi freiste med Gloppens beste speaker, Selfie-vegg og Nordfjordritt-quiz med kjekke PREMIER. Buff og sponsormateriell til dei 100 første som legg ut bildar med #Nordfjordrittet2017#. Klokka 15:30 trekkast vinnaren av Nordfjordritt-quizen, som får eit gåvekort på 500 kronar frå G-Sport. Lollipop frå Diplom-Is til barna som forsatt heier etter klokka 15:00. Velkomen! Helsing Sandane Sykkelklubb