Siger mot Sandane 2

2. juni 2017

Det blei siger 2-1 til herrelaget i lokaloppgjeret mot STIL 2. Etter eit stort sjansesløseri i andre omgang kom sigersmålet rett før slutt då Kjetil Løkke Vie scora vinnarmålet. Sandane 2 leia 0-1 til pause og utlikninga til 1-1 sette Arvid Bakke inn etter 55 minutt. Dette var herrane sin tredje eitmålssiger i årets serie og som forrige kamp snur laget etter å ha kome under, som er ein god egenskap. Saman med det stygge 0-10 tapet borte mot Eikefjord er karane med i toppen av serien slik som i fjor. Neste oppgåve er eit tøft lokaloppgjer borte mot Hyen komande tysdag.

Kampfakta og tabell finn du her:
https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=155137