Hetlestøylen opp

10. juni 2017

Orienteringsgruppa og friidrettsgruppa inviterer til Hetlestøylen opp, komande onsdag klokka 18.00. Vi oppfordrar alle om å legge treninga si til løpet:)! Dette er super basistrening for alle mann alle!

Onsdag 14.juni blir det motbakkeløp på Breim (start på Reed) To løyper, ei med start i ballbingen i Hovden (5.klasse og eldre), og ei med start på Brua oppover mot Hjelltunet (merka)….start klokka 18.00 begge plassar. Mål er, pussig nok, på Hetlestøylen – og der er det alltid god stemning. Påmelding til kleppenesa@gmail.com, 50kr pr deltakar, evt 200kr for familie. Dette er eit kjempekjekt og sosialt motbakkeløp, der både liten og stor kan få ei utfordring!