Heider til Andreas og Elias

17. juni 2017

Under Skitinget til Sogn og Fjordane Skikrins på Skei laurdag fekk Andreas Hetle tildelt Talentpokalen for svært gode nasjonale prestasjonar i langrenn denne vinteren.

Elias Helle Felde fekk tildelt Magnorpokalen for svært gode resultat i alpint denne vinteren.

Skigruppa er stolte og glade for utmerkingane og håpar dette inspirerer alle andre skiløparar i Breimsbygda til innsats.

 

Frå v. Erik Røste (Skipresident), Andreas Hetle og Inge Fænn (leiar i Skikrinsen)

 

 

 

 

Frå v Erik Røste (Skipresident) og Elias Helle Felde