Tap mot Hyen, siger mot Kaupanger 2

18. juni 2017

Herrelaget har spelt 2 kampar. Borte mot Hyen blei det som venta ein krigekamp på den intime bana i Hyen. I ein jamnspelt kamp sleit vi mot Hyen sitt robuste forsvar og direkte spelestil. Heimelaget leia 1-0 til pause og til slutt blei det siger 2-1 etter at Øyvind Løkke Vie utlikna i midten av andre omgang og Hyen fekk sigersmålet 10 minutt før slutt.
Vi har vunne slike jamne kampar i Hyen dei siste åra, men denne gongen gjekk det andre vegen når vi sendte alle mann i angrep for å få sigersmålet.

Borte mot tabelljumbo Kaupanger 2 blei det lett siger 0-5 etter 3 scoringar i første omgang. Vi stilte med sterkt lag og som forventa blei det ein grei 3-poengar. Arvid Bakke blei dagens mann med 4 scoringar. I tillegg scora Kjetil Løkke Vie.