Siger mot serieleiaren

25. juni 2017

Herrelaget fekk ei flott avslutning på vårsesongen då vi slo serieleiar Eikefjord 2-1 på heimebane. Dette var første tapet til sunnfjordingane i år og vi plasserte oss på andreplass eit poeng bak med denne 3-poengaren. Det var viktig å få heng på serieleiaren og rette opp inntrykket etter det pinlege 0-10 tapet borte mot Eikefjord tidleg i vår.

Vi var klart best i første omgang og leia fortent 2-0 til pause. Vi burde ha scora fleire i første omgang. 1-0 sette Kjetil Løkke Vie i mål etter at han sjølv blei felt. Ikkje lenge etter stanga Arvid Bakke ein corner kontant i mål. Vi hadde fleire store sjansar og slapp Eikefjord lite til fram til pause.

Etter pause kom bortelaget betre med og fekk fortent utlikning eit kvarter ut i andre omgang. Resten av kampen var jamnspelt der dei hadde ballen mest og nokre store sjansar, medan vi hadde nokre kjempesjansar på kontringar, spesielt på slutten av kampen.

Vi stilte med 17 mann til denne kampen og klarte å halde aggresiviteten oppe med å bytte mykje i kampen som gjekk i eit tilfeldig skikkeleg sommarveir med over 20 grader og solsteik. Det var ein skikkeleg arbeidssiger med solid innsats frå alle mann.

Tabell etter halvspelt sesong:
1. Eikefjord                              7   5 1 1   31 – 10 16
2. Breimsbygda /Jølster 2 . 7   5 0 2  16 – 18 15
3. Årdal 2/Jotun/ÅTIL .      7   4 1 2   40 – 13 13
4. Sandane 2                           7   3 2 2  19 – 12  11
5. Hyen                                    7   2 0 5  12 – 20   6
6. Kaupanger 2                      7   0 0 7 5 – 50     0