Ein fin sommarkveld

10. august 2017

fekk vi 9  som var med på onsdagsturen til Grønskrea og Tistamskaret oppleve.

Turen blei litt lenger enn vanleg, fordi brua på Liavegen var flomskada og vi måtte ta beina fatt 20 min før vi kom til bommen ved Kvilestøylen. Men det var ein lys og lun sommarkveld, så kva gjer no det om det blir litt seinare? Det blei ganske bratt opp Grønskrea, og fleire som trudde at dei skulle på eit ukjent fjell forstod no at Snøfjellet og Grønskrea var eit og same fjell 🙂 I alle fall fekk vi 6 trimpoeng her.

På turen ned gjekk vi innom Tistamskaret og fekk nye 4 trimpoeng. Jammen gjekk det i full  fart nedover til bilane for å rekke Warholm sitt gulløp. Dette klarte vi med god margin. Slike kveldar som i kveld skal vi huske når hausten nærmar seg for alvor. Takk for godt turfølgje.

Sabine og Jon