Årets topptur går til Vora

20. august 2017

Trimgruppa arrangerer tur til (Vora 1435 m) på søndag, 27.8.17. Olav og Gudmund Egge skal guide oss.

Oppmøte: kl. 9.00 på bensinstasjonen Best på Byrkjelo.

Turavgift: 50 kr.

Påmelding til Jon Fossheim (99202698) eller Sabine Exner (48053040)

Vi går frå garden på Strand via Strandastøylen og Strandaheia. Når vi ser Nonselvvatnet vender vi til venstre og tar oss oppover fjellet til vi kjem til platået. På toppen av heksefjellet får vi fantastisk utsyn til alle retningar

Dette er ikkje ein vanskeleg, men relativ lang tur. Vi reknar med å vere nede igjen i 17-tida. Gåtid blir ca. 6-7 timar. Ta med godt med klede og mat.

Det er fine meldingar, men turen kan bli avlyst ved dårleg vêr. Følg med på nettet.