Reinløpet 2017

6. september 2017

Årets Reinløp er på søndag, 10. september.

Registrering til kl. 10.30 – 12.00.

Møt opp på parkeringsplassen på Sandtaket på Utviken.

Startkontingent er for vaksne 50 kr, for barn 30 kr og for familiar 100 kr.

Som tidlegare trekker vi flotte t-skjorter med Reinløpet-motiv blant alle som har gått turen.

Husk å gå ruta via Torheimstøylen. På Støyvastøylen ventar kaffi, saft, frukt og sjokolade. Fint om alle stikk innom her.

For å utdelt premien, diplom og få kjøpt bronse/sølv-og gullmerke, må ein ha komt ned igjen til kl. 15.00.

Du får vite kor mange gongar du har gått allereie ved start. Diplom får alle som går for 1. gong.

Velkomen og god tur på ein fin haustdag. Ver med på å halde ein god gamal tradisjon i hevd.