Kven blir nr. 100?

7. september 2017

99 av Breimstrimmarane brukar no den digitale registreringsmåten Georeg! Kven blir den 100. brukaren av appen?

Ta kontakt viss du treng hjelp til å kome i gang. Elles kan du også sjekke her: http://www.breimsbygda.no/trim/georeg-app/

Også Brodd IL, Vikane IL, Vikane IL, STIL og Fjellhug Vereide har tatt Georeg i bruk. Dette kan bli bra.

Forresten så har vi snakka med grunneigarane i Sandalen. Sjølv om dei held på med anleggsarbeid og har sett opp fareskilt, så skal det vere trygt å ferdast på stien til Sandalsstøylen. Derimot skal ein ikkje bruke stien/vegen opp til Fossheimsstøylen. Viss du vil vite meir, kontakt grunneigarane.

1. oktober startar ny sesong for Breimstrimmen. God tur.

Sabine