Siste veke før nye Breimstrimmen-sesong startar

25. september 2017

No er det siste sjans for å sanke trimpoeng og besøke postar som du kanskje enda manglar. Den elektroniske registreringa vil avsluttast/starte på nytt ved midtnatt 30. september. Bøkene blir byta ut i tur og orden. På Restøylen har boka blitt tatt ned. Her må du bruke GEOREG eller gi beskjed til Sabine (48053040) dersom du vil føre deg inn i boka denne veka. Vi har no 102 brukarar av den digitale registreringa. NB. Dersom du registrerer deg med mobil og likevel vil skrive det i boka, må du skrive GEOREG i parantes eller elles markere at du allereie har blitt registrert. Dobbelregistrering er juks!

Les her kva som blir dei nye og gamle turmål for neste sesong.

God tur og nyt for all del det herlege vêret og dei flotte fargane på tampen av sommaren/hausten. Sabine