Obs! Endringar ved Breimstrimmen-registrering på Fløtravarden

14. oktober 2017

Vi pleier å ha både elektronisk registrering og bøker på trimpostane våre. Unnataket var Fløtravarden i fjor, som berre var elektronisk i fjor. I tillegg hadde vi ei barnebok for ungar og eldre som ikkje har smartphone. Denne løysinga fungerte dessverre ikkje. Mange har skrive seg i bøkene sjølv om dei har smartphone, dette gjer teljejobben uhyre vanskeleg. Difor gjeld berre elektronisk registrering i år. Også barn utan mobil kan registrere seg hos Georeg. Dei må då velge eit 8-sifra nr. som ikkje blir brukt som mobilnr. elles. (ikkje bruk nr. som begynner med 4 og 9). Når barna går i lag med andre som har Georeg på smartphonen kan dei registrere barnet. Det er berre å byte ut nr. i displayen. Det kan ein gjere så mange gongar ein vil.

Andre utan smartphone kan notere ned sine turar og ved utgangen av sesongen melde inn resultatet til Astrid Volle.

Utvikling går i retning app-baserte løysingar. Vi hjelper deg gjerne å kome i gang med Georeg.  I STIL på Sandane har dei kutta ut alle trimbøkene og satsar berre på elektronisk registrering. Vi vil gjerne høyre meininga di. Skal vi i næraste framtida kutte ut bøkene og satse fullt på telefonregistrering? Dette kan opne opp for fleire postar i Breim og samarbeid med andre lag i kommunen. Kjør debatt! Kva meiner du? Bruk gjerne Facebook-sida vår eller ta kontakt med oss i styret.