Idrettsbasaren 26.november 2017

11. november 2017

Søndag 26.november er det klart for den årlige Idrettsbasaren til Breimsbygda idrettslag! Her vert det mykje flotte gevinstar på loddbøker, kiosk, åresal, div. utdelingar frå gruppene i idrettslaget og godt “søgje”. I vekene som kjem vil du kanskje få besøk på døra av nokre av våre aktive medlemmer som har førehandssal av lodd på hovudgevinstane. Det vert også lagt ut bøker på Coop Marked Reed og Copp Prix Byrkjelo. Så her har du mulighet til å sikre deg vinnarloddet, sjølv om du ikkje kan bli med på basaren. Men vi håper å sjå dykk i Breimshallen søndag 26.november kl.15. Vel møtt!