Jannike Felde vart tildelt Eldsjelprisen 2017

28. november 2017

Under Idrettsbasaren søndag 26.november vart Jannike Felde tildelt Eldsjelprisen 2017.

 

 

Årets eldsjel i Breimsbygda idrettslag.

Målsetjinga med prisen:

Synleggjere frivillig arbeid

  • Stimulere til frivillig innsats
  • Auke medvitet omkring rolla frivillig innsats har for lokalsamfunnet

 Retningsliner for tildeling:

  • Eldsjelprisen vert gjeve til ein person som med iver og begeistring gjer, eller har gjort, ein innsats til beste for idrettslaget.
  • I vurderinga skal det leggast særleg vekt på at vedkomande person står fram som eit godt føredøme, viser pågangsmot og såleis stimulerar andre til frivillig innsats.

 

AU har i år valt å tildele prisen til ein person som ikkje likar å stikke seg fram. Vinnaren er ein person som jobbar i det stille og som ikkje lagar noko stort nummer av at det alltid er eit eller anna som skal gjerast i regi av idrettslaget. Vedkommande er ein person som jobbar på tvers av særgrupper og som verdset alle, uansett sportsleg nivå.

Vinnaren er eller har vore engasjert i følgjande: I fotballgruppa har ho vore ansvarleg for miniputturneringa i mange år, ho er leiar i orienteringsgruppa, er handballtrenar, er ei av drivkreftene bak Hetlestøylen Opp . Ho er sjølvsagt og på plass når Byrkjeloleikane skal planleggast og arrangerast. Tilsvarande, når det er andre dugnader i bygda – årets eldsjel er der og.

Som om ikkje dette er nok: Som leiar i orienteringsgruppa set ho også i styret i Breimsbygda idrettslag. Sjølv om ho heller ikkje der hevar stemma eller snakkar i utrengsmål, har ho sine klare og fagleg funderte synspunkt som eit samla styre set stor pris på.

Årets vinnar av eldsjelprisen er stort sett alltid å observere i treningsklede på veg til ei eller anna positiv aktivitet for bygda, for eigne og andre sine ungar. Dette er noko vi verdset svært høgt, men kanskje ikkje alltid er like flinke til å gje utrykk for.

Årets eldsjel er sjølvsagt Jannike Felde.