SERIESPEL FOTBALL 2018

25. februar 2018

Breimsbygda fotball har meldt på følgjande lag til spel i årets serie:

  • Senior A-lag Breimsbygda/Jølster 2 – kampdag tysdag
  • Gutar 15/16/17 år, 9ar (9ar/7ar serie) – kampdag fredag
  • Gutar 13/14 år, 9ar – kampdag måndag
  • Jenter 13/14 år, 9ar – kampdag tysdag
  • Jenter 12 år, 7ar (spelar saman med jenter 11 år) – kampdag torsdag
  • Gutar 11 år, 7ar (spelar saman med gutar 12 år)
  • Gutar 10 år, 5ar – kampdag måndag (spelar og miniputturnering)

Serieoppsett (kampprogram) vert sendt ut frå fotballkretsen i starten av mars. Seriestart er venta i slutten av april.

Det vert kalla inn til trenar- og lagleiarmøte når serioppsetta er lagt ut.

Trening ute på kunstgraset startar opp så snart det er snø- og frostfritt. Blir annonsert.