Elias Helle Felde deltek på hovudlandsrennet i alpint

9. april 2018

Denne veka deltek Elias Helle Felde på hovudlandsrennet i alpint som går på Hemsedal. Dette er uoffisielt NM for 15 og 16 åringane, og blir gjennomført klassevis for kvar aldersklasse. Programmet ser slik ut:

Tysdag 10 april: Utfortrening

Onsdag 11. april: Utfortrening

Torsdag 12. april: Utforkonkurranse + teamevent (lagkonkurranse mellom krinsane i parallellslalom)

Fredag 13. april: Super-G + superkombislalom

Laurdag 14. april: Slalom

Søndag 15. april: Storslalom

Meir info om arrangementet og livetiming finn du på nettsiden:

http://alpingruppa.no/p/29572/hovedlandsrenn-2018

Skigruppa håpar Elias får fullklaff i alle disiplinar og vi ynskjer han lukke til.