Profilering på 3v3 baner

26. august 2018

Reed Stadion er eit av dei flottaste idrettsanlegga i fylket. Med kunstgras av høgste kvalitet blir bana nytta både til kamp og trening gjennom heile året. Med 7 lag i seriesystemet og 9 miniputtlag, er det mange treningar og kampar som skal avviklast kvar veke.

I tillegg vert anlegget nytta av naboklubbar og til fotballkretsen sine treningar og samlingar. Anlegget har og fasilitetar for friidrett og skal framleis nyttast til den tradisjonsrike Breimstafetten og 17. mai feiringa i bygda. Reed Stadion har og frigjort mykje treningstid for friidretten på Byrkjelo Stadion. Breimsbygda IL har gjort tiltak på området for å skape eit godt og innbydande anlegg. Men vi ynskjer å gjere området og fasilitetar enda betre og meir attraktivt.

Barnefotball under 7 år i regi av NFF skal spelast 3 mot 3 utan keeper.


BBIL har kjøpt 2 stk. minibaner som leverast med 2m lange seksjonar (200x50cm) kor vi tilbyr ferdig montert logoprofilering av din bedrift. Desse banene vert brukt både til dei faste treningane men også på større arrangement som miniputt turning der det er om lag 60 lag som deltek.

 

Vi håpar næringslivet i kommunen ser verdien av dette og støttar oss!

Prisar på banereklame:

1500,- pr. side pr. seksjon, du vel sjølv om du vil ha innside eller utside (eller begge deler).

Innside: 2000 x 484 mm.

Utside: 960 x 434 mm x 2 stk (logo kan ikkje monterast på heile flata pga støtte på midten)

BESTILL PROFILERING FOR DI BEDRIFT HER