May Britt Solheim Kvellestad til landsfinalen

4. november 2018

May Britt vann Sogndal Fotball si kåring «årets fotballmamma» i konkurranse med 22 andre andre kandidatar. Med dette sikra ho klubben 10.000 kroner og ho er med vidare til den nasjonale finalen. Der møter ho vinnarane frå dei andre 15 klubbane i Obos-ligaen i kampen om å bli «årets fotballmamma».
Avstemninga avsluttast 15. november og dei tre mødrene som då har fått flest stemmer går til Superfinalen. Desse tre blir invitert til Fotballfesten på Ullevaal stadion, søndag 26. november. Der skal den endelige vinnaren kårast. Årets fotballmamma vinn en premie til seg sjølv, og 50.000 kroner til klubben sin.

Du kan sende inn stemma di på May Britt og Breimsbygda her:
– Årets fotballmamma i Obos-ligaen

Her er teksten om May Britt som blei sendt inn:
«May Britt er ei fantastisk dame! Ho har tre aktive born, er geitebonde og assistent på Breim Skule. ho er fotballtrenar, og aktiv supportar på fleire lag i Breimsbygda. Ho motiverar spelarane, og køyre eine sonen på sone og kretstrening.

Ho seier alltid ja når det er behov for dugnadshjelp! Bla påtok ho seg kioskansvar på Breimsbygda si miniputt-turnering, sjølv om ho ikkje har ungar med der lenger! Alltid kjekt å vere kring May Britt!»

Her kan du lese sigersintervjuet på Sogndal Fotball si nettside:
http://www.sogndalfotball.no/nyheiter/lokal-fotballmamma