Ny klubbkolleksjon!

11. november 2018

Breimsbygda IL har inngått ny klubbavtale med Intersport Sandane og UMBRO. Dette betyr at vi får ny klubbkolleksjon på kle.
Utvalet er utvida, her finn du årets julegåvetips!!

 

Alle medlemmar i BBIL får 20% rabatt på UMBRO varer på Intersport Sandane. I tillegg får ein og tilsvarande rabatt på andre varer frå leverandøren av UMBRO, Scantrade. Vi kjem attende med oversikt over desse produkta seinare. Ved å inngå avtale med UMBRO får og BBIL ´kick-back´ når våre medlemmer handlar UMBRO/Scantrade produkt på Intersport Sandane. Vi kan ta ut varer som f.eks drakter til lag etc for denne summen åreleg. Vi oppmodar derfor alle våre medlemmer om å handle UMBRO produkt på Intersport.

Heile kolleksjonen vert vist fram under idrettsbasaren 25/11. Det vert der høve til å prøve samt bestille produkt.
På grunn av leveringstid på trykk er ikkje kleda klare for sal før etter 25/11.

Her er vår nye klubbkolleksjon: