DÅ ER ALT KLART TIL GJENOPNING

19. juli 2020

123 Treningsstudio opnar igjen mandag 20/7  kl. 07:00. Merk at det kun er høve til å trene etter påmelding. Alle som brukar studioet må sette seg godt inn i reglane som er skissert her:

REGLAR FOR BRUK AV TRENINGSSTUDIOET MED KORONARESTRIKSJONAR

Tidspunkt for gjenopning: Måndag 20. juli kl. 07:00. Alle som har gyldig kort vil få dette aktivert til på nytt til dette då.

1. Dei som skal trene må melde seg på elektronisk og får kun trene innafor det tidsintervallet dei er påmeldt. Det vert sett opp treningsintervall på 2 timar. Innafor dette intervallet skal den som trenar og ha forlatt lokalet for å gjere plass til neste gruppe. Treningstudioet er ope i tidsrommet 07:00 – 23:00.

2. Det er kun 8 personar som kan trene i kvart tidsintervall. Vektløftargruppa kan trene organisert parallelt, innafor dei reglane som allereie gjeld for gruppa. Vektløftargruppa er prioritert plass i «Olaromma».

3. Alle apparat og kontaktflater skal desinfiserast etter bruk. Den som trenar er sjølv ansvarleg for at dette vert gjort. Det skal brukast sprayflasker og papir som står i lokalet til slik desinfisering.

4. Alle som trenar skal halde minimum 1 meters avstand til kvarandre.

5. I tillegg til desinfisering av apparat og kontakflater, som nemnt over, vert lokala vaska minimum anna kvar dag.

6. Det vert ført tilsyn med at reglane vert haldne.

Elektronisk påmelding gjer du på breimsbygda.no – klikk deretter på 123 Studio og finn det tidspunktet du vil trene på. Dersom dette tidsintervallet er fullteikna vil du få beskjed om det.

http://www.breimsbygda.no/treningstider-2/fellesalle/

DERSOM REGLANE OVER IKKJE VERT RESPEKTERT VIL IDRETTSLAGET MÅTTE STENGE TRENINGSSTUDIOET PÅ NYTT