Breimtrimmen, Turorientering og Nordfjordryggen

By | 14. juli 2021

For ein flott sommar vi har! Også her i Breim ser vi ein den nasjonale trenden at fleire og fleire brukar fjellet til rekreasjon. Det er supert og vi har god plass til enda fleire. Det er flott at mange av turorieneringspostane er samlokalisert med Breimstrimmen: Skitnevatnet, Skavegga, Støyvastøylen, Tistamskaret og Snøfjellet. Kjøp turkart og klippekort, så får du i både pose og sekk.

DNT har planar om skiltiing og merking av den såkalla Nordfjordryggen frå Utviken over toppane til Blånibba. Enda er ikkje alle avtalane med grunneigarane på plass, men ei provosorisk merking med T-ar guidar deg fram.

Det raporterast om mykje bær i fjellet. Og fleire flokkar med ammekyr i vegen. Så ser opp for både det eine og det andre.

Ingen beskrivelse er tilgjengelig.

Georeg + turorientering i Tistamskaret

Ingen beskrivelse er tilgjengelig.

Ammekyr på veg til posten ved Flølostøylen

Ingen beskrivelse er tilgjengelig.

Multe nok for alle. Ser du mot kva post vi er på veg til her?

Ingen beskrivelse er tilgjengelig.

Ta av vegen ovanfor Holestøylen for å gå på den raskaste råsa til Fløtravarden