Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Onsdagstur Nesstøylen – Hestedalen – Restøylen – Lyngneset

5. august, 2015 : 17:00 - 22:00

nok30

Onsdagstur med trimgruppa. Vi går i kveld. Veret ser ut til å holde. Vi blir ca. 10 stk. i følgje 🙂 Olav Fuglestrand sytar for transporten opp til støylen.

Turleiar: Sabine Exner (tlf. 48053040) og Jon Fossheim (tlf 99202698). Påmelding fram til tysdag, 4.8. kl. 20.00 pga. organisering av skyss opp til Nesstøylen (tlf. 48053040)

Avgift: 30 kr.

Oppmøte: Kl. 17.00 på Coopen på Reed eller ved Kandalskrysset kl. 17.10 eller Lyngneset ca. 17.20

Vi reiser i felleskap til Lyngneset på veg mot Kandal og set bilane her. Vi satsar på å bli frakta i traktormonterte sauekassar opp til Nesstøylen/Kandalstøylen .

Vi startar turen ved å følge dalen innover eit stykket før vi vender oss opp mot fjellet og går på merka sti opp til Hestedalen. Vi går vestover til sankehytta ved vatnet og vidare til «Nonstua». Her begynner vi nedstigninga til Restøylen.

Etter vi har skrive oss inn i støylsboka (og fått 5 trimpoeng!) og beundra den storslagne utsikta følger vi råsa i vår eigen tempo ned til Lyngneset og bilane. Vi må rekne med fuktig sti og gode sko er viktig.

Gåtida blir ca. 4 t. Kjøring kjem i tillegg. Deltakarar bør vere litt trente og fjellvande.

Dette er ei gøymt perle i Breim!

Detaljer

Dato:
5. august, 2015
Tid
17:00 - 22:00
Kostnad:
nok30
Hjemmeside:
http://www.breimsbygda.no/2015/07/27/5-august-nesstoylen-hestedalen-restoylen/

Arrangør

Trimgruppe – Sabine
Telefon:
48053040
Hjemmeside:
http://www.breimsbygda.no/trim/turar-2015/stoyl-til-stoyls-turen-2015/

Pin It on Pinterest