BBIL slankar organisasjonen!

Glade gutar før innveging. Ordførar Leidulf Gloppestad var ikkje tung å be om å vere vektkontrollør for innsjekksvekt.

BAKGRUNN; NED MED VEKTA OG BLODTRYKKET OPP MED ØKONOMIEN

Breimsbygda Idrettslag har eit par utfordringar for tida. Det eine er vi tapar mykje inntekter som følgje av avlyste arrangement. Inntekter vi treng for å halde oppe aktivitetsnivået og ikkje minst for å halde anlegga våre i god stand når verda kjem attende i normalt gjenge.

Ei anna utfordring er at deler av leiinga i idrettslaget er komen i ein alder og ei fysisk form der både overvekt og høgt blodtrykk er reelle trugsmål. Dette er den same leiinga som skal være med å halde orden i økonomien og som elles skal lose oss i gjennom den situasjonen vi no er i . Vi kan difor ikkje risikere at dei går på ein «smell».

Vi køyrer difor i gang eit fellesprosjekt der vi både skal sikre helsa til leiaren i hovudlaget og leiaren i friidrettsgruppa og kanskje skaffe til vege litt pengar. I perioden 15. april og fram til idretten kanskje startar opp att, altså 15. juni, skal desse to karane forplikte seg til å finpusse forma og komme ned i ei vektklasse som gjer at blodtrykket held eit akseptabelt nivå.

Greia er den at Reidar og Bjarte skal vegast inn 15. april kl. 18:00 og vegast ut igjen 15. juni til same tid. Du skal bidra med enten 50 kr eller 100 kr til idrettslaget for kvar kilo desse karane til saman har klart å gå ned i denne perioden. Det gjer du ved å legge igjen ei melding i kommentarfeltet her, der du skriv beløpet du vil bidra med. Alternativt kan du sende ein SMS til 90581490 med same bodskap.

Altså, går dei ned til saman 6 kg i perioden så kostar det deg enten 300 eller 600 kr. Ser du på karane, i løpet av perioden, at dette kan bli dyrt for deg, kan du løyse det enkelt. Det er berre å be dei to skrythalsane på godt lag med mykje god mat og drikke.

På denne måten får dei og testa karakterstyrken sin. Vi er sopass usikre på oddsen at vi ikkje tilbyr utbetaling dersom karane skulle legge på seg i perioden.

Det kjem situasjonsrapportar både frå innveging og sikkert gode tips om både trening og kosthald undervegs.

RESULTAT:

ETTHUNDREOGFØRTITUSENTREHUNDREOGTRETTIFEM

Bjarte og Reidar har brukt tida godt og verkeleg lagt om livsstilen. Dei to karane har redusert vekta frå 205,3 kg til 183,2 kg på knappe to månader. Om alle betaler det dei har «lagt i potten» betyr det kr. 140.335 rett i klubbkassa til Breimsbygda Idrettslag. Men, enno viktigare, Reidar og Bjarte går sjølvsagt på fleire år i styre og stell no når dei har fått kontroll på blodtrykk og kolestrol.

Mange hadde vel ikkje sett føre seg at karane hadde sopass med viljestyrke, og er difor noko overraska og kanskje fortvila over beløpet dei no har satsa. No skal det no seiast at alle burde vite at Bjarte og Reidar er sta so det held – i tillegg til at det var litt vekt å ta av.

Likevel: Vi kjem til å være so rause at vi ikkje kjem til å drive inn dei beløpa som folk har «lagt i potten» med tvang. Folk får betale etter eige samvit. Vart viljestyrken til dei to karane større enn budsjettet ditt toler, er det betre at du betalar noko, enn at du snik deg unna alt. Hugs at vekta av dårleg samvit heller ikkje er lett å bære.

Beløpet du skuldar reknar du ut slik: innsatsen x 22,1.

Dette, eller det samvitet seier deg, betalar du inn til kontonummer 3710.07.00248 eller du kan bruke VIPPS 101496. Merk gjerne betalinga med: «Alt blir lettare.»

Når alt kjem til alt, er verken vekta eller pengane det viktigaste. Husk at det å halde deg fysisk aktiv og passe litt på kva du et, kan gjere underverk. Dette gjeld, enten du er gammal og like skral som Bjarte og Reidar var, eller om du er ung og sprek. Og sist, men ikkje minst, meld deg inn i ditt lokale idrettslag. Der kan du oppleve mykje artig!

Leiar i friidrettsgruppa Reidar Moldestad var førstemann ut… Etter reaksjonane å døme var resultatet enten overraskande lavt, eller gode moglegheiter for tjene pengar til idrettslaget..??
Reidar og ordførar sjekkar resultatet…
Både Ordførar og leiar i friidrettsgruppa er spent på resultatet når sjølvaste leiaren stig på vekta…

RESULTAT INNVEGING
15. april: 205,3 KG

RESULTAT UTVEGING

15. juni: 183,2 KG

Bjarte og Reidar har brukt tida godt og verkeleg lagt om livsstilen. Dei to karane har redusert vekta frå 205,3 kg til 183,2 kg på knappe to månader. Om alle betaler det dei har «lagt i potten» betyr det kr. 140.335 rett i klubbkassa til Breimsbygda Idrettslag.

Desse har bidrege