Fotball » Aldersbestemt »

Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

Treningstider 2017-2018

Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

Smågutelaget vann KM-finalen

Det knytte seg stor spenning til kampen då smågutelaget reiste til Dale for å spele avgjerande KM-finale i 7ar fotball. Breimsbygda slo Årdalstangen 9-5 i første kamp. I andre kamp blei Årdalstangen slått heile 12-1 av Dale. Våre smågutar måtte såleis vinne den avgjerande finalekampen borte mot Dale, medan laget frå Sunnfjord ville vinne om det blei uavgjort.… Les meir »

SMÅGUTAR 7AR VANN FØRSTE FINALEKAMP

Smågutane hadde god kontroll på Årdalstangen i første KM-finale på Reed søndag ettermiddag. Det blei til slutt 9-4 og eit godt utgangspunkt før siste finalekamp mot Dale. Onsdag blei det 1-12 mellom Årdalstangen og Dale i Årdal. Det vil seie at berre siger gjev KM-tittel for våre smågutar når dei reiser til Dingemoen for å møte Dale på… Les meir »

Basis i gymsalen i barnehagen

Tysdagar vert det basis trening for gutar/jenter frå 10 år og oppover i gymsalen på Reed, kl. 17.30 til 19.00. Basis trening er for ALLE idrettar, det er kondisjon, styrke, spenst, smidigheit, balanse, ja rett og slett allsidig trening, som gagnar alle idrettar. Uansett kva idrett ein vil drive med, er basis trening det viktigaste for å utvikle… Les meir »

God deltaking på Tine Fotballskule

Over 80 spelarar starta i kveld opp Tine Fotballskule. Det er 10. gongen vi har Tine Fotballsule i Breim, og både spelarar og instruktørar hadde ein triveleg og lærerik start på fotballskulen fredag kveld. Heile helga blir det full rulle med fotball på Byrkjelo stadion, og damelaget avsluttar søndagen med heimekamp mot Høyang. Program for fotballskulen: Fredag 21.… Les meir »

Smågutelaget slo Sandane

Smågutelaget 13/14 9ar fekk ein god start på sesongen då dei slo Sandane på bortebane. Det var ein jamn kamp som enda 1-2. Bilete frå kampen kan du sjå på Knut Ove Henden si bildeside på facebook. Det er for øvrig første gong at Breimsbygda stiller med 2 lag i småguteklassa. Det andre laget spelar i serien for… Les meir »

Smågutelaget kom til finalen!

Smågutelaget imponerte i dagens kampar og kvalifiserte seg til KM-sluttspel i innandørsfotball for G14. Etter fleire spennande kampar rauk dei i finalen etter ekstraomgangar mot Tornado Måløy. Det såg mørkt ut for laget då dei tapte dei to første kampane. Først blei det 1-2 mot Skavøypoll og deretter 2-3 mot Stryn. Ettersom Skavøypoll vann begge sine kampar kunne… Les meir »