Fotball » Damelag »

Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

Treningstider 2017-2018

Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

Damelaget tapte første kamp

Damelaget spelte i går første oppgjeret i KM-sluttspelet. Borte mot Høyang blei det tap 3-1. Det betyr at heimekampen lyt vinnast med 2 mål om det skal bli KM-finale også i år. Returkampen går på Reed stadion søndag 25. oktober klokka 15.00.

Storsiger over Tornado Måløy

Det enda med heile 8-0 då damelaget fekk besøk av tabelljumbo Tornado Måløy. Etter fleire jamne kampar med lite mål, løsna det skikkeleg i denne kampen. No ligg damene på 2. plass i serien. Breimsbygda/Sandane tok tidleg kommanden i denne kampen, og allereie etter 9 og 11 minutt stod det 2-0 etter scoringar av Maria Kleppe og Elin… Les meir »

Tap for damene i serieopninga

Damelaget Breimsbygda/Sandane fekk ein tøff seriestart då fjorårets KM-vinnar Sogndal kom på besøk. Kampen var jamn første kvarteret, men Sogndal kom sterkare utover omgangen og leia fortent med2 mål til pause. I andre omgang kom det ingen mål, men bortelaget var det førande laget og hadde dei største sjansane. Kampfakta finn du på haugenfotball.no  

Bjørn Åmot held fram som trenar for damelaget

Samarbeidslaget for damer mellom Breimsbygda og STIL satsar friskt mot ein ny sesong med suksesstrenar Bjørn Åmot ved roret. Klubbane er godt nøgde med å få med Bjørn vidare etter det ein må kunne omtale som ein veldig god sesong – som vart avslutta med KM finale mot Sogndal på Fosshaugane. Vi ynskjer Bjørn og damene lukke til… Les meir »