Trim »

Flott støyl-til-støylstur

Les meir om turen sist søndag her. Husk haustturen vår Ryssdalshornet-Restøylen neste søndag, 25.8. Vi reiser frå Coopen på Reed kl. 9.00 og går frå Ryssdal kl. 9.30. Les meir om turen her.

2 søndagsturar med Trimgruppa i august

Den verste varmen har gitt seg og vi er klare til to lengre trimturar. Sjekk info om støyl-til-støylsturen (11. august) og Ryssdalshornet-Restøylen (25. august). Husk påmelding dersom du treng skyss. Meir info kan du få av Sabine (tel. 48053040).

16.06. Trimtur til Skitnevatnet

 Les her korleis det gjekk på turen  Rapport Søndagstur til Skitnevatnet. Oppmøte kl. 11.00 ved parkeringsplassen før første grinda på grusvegen etter passering av Myklebust. Vi parkerar bilane her og går inn til Myklebuststøylen. Turen til Skitnevatnet er om lag 3 km og vi reknar med at turen tek ca. 1,5 t. kvar veg. Dei som ynksjer å… Les meir »

På tur med Trimgruppa

Velkomne til å vere med på turane våre. Kanskje kan du oppdage ein tur som du ikkje har gått før? Eller kose deg i lag med fleire trimmarar i passeleg tempo? Kom gjerne med turforslag. Sjekk oversikt over turane her: http://www.breimsbygda.no/trim/turar/

Årsmelding for 2018

Årsmeldinga er no klar og blir levert ut i løpet av dei neste vekene. Om du ikkje klarar å vente kan du lese den her no!! 😀 KLIKK PÅ BILDET OVER FOR Å LESE…

Årsmøte i Trimgruppa

ÅRSMØTE I TRIMGRUPPA B.B.I.L hos Astrid Volle Tysdag, 5. Februar 2019, kl. 19.00 Sakliste 1. Godkjenning av sakliste. 2. Val av møteleiar. 3. Val av skrivar. 4. Årsmelding. 5. Rekneskap. 6. Arbeidsplan. 7. Budsjett 2019. 8. Innkomne saker. Styret 2018 Leiar Astrid Volle Sekretær. Britt Bakka Nettansvarleg Sabine Exner Styremedlem Rune Fure Styremedlem Jon Fossheim

Resultat Breimstrimmen 2017-2018

I kveld var det idrettsbasar til BBIL med flott oppmøte. Trimguppa delte ut bronse- og sølvplakatar samt vinnarhuer til dei 3 med mest trimpoeng over og under 15 år. Sjå heile resultatliste her

Oppteljing av Breimstrimmen pågår . . .

. . . og vi er faktisk snart i mål. Dette var siste år med å prøve å finne ut av uleselege handskrift utviska av regn og snø. Registrering i bok er over i Breimstrimmen. På idrettsbasaren søndag, 25.11. skal dei 3 beste i klassane over og under 15 år premierast. I tillegg delar vi ut diplomar. Du… Les meir »

Brua til Skitnevatnet

Skal du ta turen til Trimposten ved Skitnevatnet bør du gå over brua ved kraftverket på Myklebuststøylen. Brua på støylen blir tatt vekk om vinteren.

Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018

Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Jannike Felde som vart tildelt Årets eldsjel 2017.