Category Archives: Trim

Årsmøte i Trimgruppa – 3. februar

Velkomen til årsmøte i trimgruppa B.B.I.L. hos Astrid Volle,  Furehaugane 32.  Måndag 3. februar 2020, kl.19.00 Sakliste Godkjenning av sakliste Val av møteleiar. Val av skrivar. Årsmelding. Rekneskap Arbeidsplan Budsjett 2019. Innkomne saker. Kom gjerne til møtet eller kom med dine innspel på forhand til styremedlemane.     Styret 2019   Leiar                   Astrid Volle Sekretær.          Britt Bakka Henriksen… Les meir »

Resultatet frå Breimstrimmen

… er klart! Men den fulle oversikta legg vi ikkje ut før etter basaren i Breimshallen den 24. november. Her skal vi kåre vinnarane og dele ut plakatane for dei som har gått alle postane 3, 6 eller 10 gongar. I år var det rekordmange som har klart denne bragda, nemleg 53 stk. Sjå om du er blant… Les meir »

Vi avlyser Reinløpet i morgon

Som sikkert dei fleste har fått med seg, er det meldt tilnærma ekstremvêr med mykje regn og vind i morgon. Sjølv om vi i Trimgruppa har vore ute ei vinternatt før, set vi sikkerheita først og  utset ikkje deltakarane for fare. Difor går årets Reinløp dessverre ut.

Reinløpet 2019

Reinløpet blir på søndag, 15.9.19 Registrering kl. 10.30 – 12.00. Møt opp på parkeringsplassen på Sandtaket på Utviken. Startkontingent er for vaksne 50 kr, for barn 30 kr og for familiar 100 kr. Som tidlegare trekker vi flotte t-skjorter med Reinløpet-motiv blant alle som har gått turen. Husk å gå ruta via Torheimstøylen. På Støyvastøylen ventar kaffi, saft,… Les meir »

Fin hausttur

Vi fekk ein flott tur over Ryssdalshornet og ned til Restøylen i dag. Litt sol, litt vind og ein super turgjeng. Takk Kjell, for god bevertning på Restøylen, dette hjelpte for den siste kneika ned til bilane. Sjå fleire bilder på trimgruppa si facebookside. Sabine og Astrid

Flott støyl-til-støylstur

Les meir om turen sist søndag her. Husk haustturen vår Ryssdalshornet-Restøylen neste søndag, 25.8. Vi reiser frå Coopen på Reed kl. 9.00 og går frå Ryssdal kl. 9.30. Les meir om turen her.

2 søndagsturar med Trimgruppa i august

Den verste varmen har gitt seg og vi er klare til to lengre trimturar. Sjekk info om støyl-til-støylsturen (11. august) og Ryssdalshornet-Restøylen (25. august). Husk påmelding dersom du treng skyss. Meir info kan du få av Sabine (tel. 48053040).