Uncategorized »

Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

Treningstider 2017-2018

Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

Minnevideo frå Eggenipa Opp 2008

Medan vi ventar på Eggenipa Opp 2016 kan vi sjå tilbake på ein video frå Eggenipa Opp i 2008. Dette er ein minnevideo om laupskongen Jon Tvedt som omkom i 2009.  Videoen viser både løpet og eit intervju med Tvedt etter målgang. Videoen er 10.45 minutt og er produsert av Mary Rye: http://www.dancingsun.com/jontvedt_tribute.html