Vektløfting »

NM-gull til Julia og Mathias 

Julia norsk rekord i rykk og beste jente på NM ungdom! Full klaff og gull både for Julia Jordanger Loen og Mathias Dale på NM ungdom (13-17 år) på Vigrestad i dag. Pers med 5 kg i rykk til 80 kg på Mathias og 90 kg i støt. 3 kg pers i rykk til 58 kg for Julia.… Les meir »

Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018

Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Jannike Felde som vart tildelt Årets eldsjel 2017.

Sølv til Robert Andre i Nordisk :)

Etter ein del dramatikk med underkjende løft, vart det til slutt sølv på Robert Andre Moldestad i klasse 69 kg, i tett kamp med den finske vinnaren. Vi gratulerer Robert Andre og støtteapparatet Sølvi og Reidar! Det vart til slutt 89 kg i rykk og pers 112 kg i støt. Han fekk første forsøket på 112 kg underkjent,… Les meir »

Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

Treningstider 2017-2018

Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

Flott innsats under NM 5-kamp!

Breimsbygda IL vart, med eitt gull og to sølv, nummer to lagmessig under NM 5-kamp vektløfting i Larvik i går. På biletet ser vi Breimsbygda IL sine deltakarar med medaljevinnarane fremst: Frå v. Mathias Dale (sølv), Vilde Sårheim (gull), Robert Andre Moldestad (sølv). Bak frå venstre: Leiv Arne Støyva Sårheim og Bjarne Bergheim.

Hetlestøylen opp

Orienteringsgruppa og friidrettsgruppa inviterer til Hetlestøylen opp, komande onsdag klokka 18.00. Vi oppfordrar alle om å legge treninga si til løpet:)! Dette er super basistrening for alle mann alle! Onsdag 14.juni blir det motbakkeløp på Breim (start på Reed) To løyper, ei med start i ballbingen i Hovden (5.klasse og eldre), og ei med start på Brua oppover… Les meir »

Innspurt dugnad 123

Utvidinga av 123: Dugnadsinnspurt onsdag 7. og torsdag 8. juni! I gårkveld (tysdag) kom lys i taket og sand på golvet og høgder vart avretta (bileta), Då trengs ein dugnadsinnspurt i dag og i morgon: I dag onsdag for å få på plass isopor og kryssfinerplater på golvet. Torsdag for å få på plass toppdekket det skal trenast… Les meir »

Ekstraordinært årsmøte i BBIL

Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.