Vektløfting »

Innspurt dugnad 123

Utvidinga av 123: Dugnadsinnspurt onsdag 7. og torsdag 8. juni! I gårkveld (tysdag) kom lys i taket og sand på golvet og høgder vart avretta (bileta), Då trengs ein dugnadsinnspurt i dag og i morgon: I dag onsdag for å få på plass isopor og kryssfinerplater på golvet. Torsdag for å få på plass toppdekket det skal trenast… Les meir »

Ekstraordinært årsmøte i BBIL

Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.

Robert Andre Moldestad sølv i Nordisk vektløfting!

Breimsbygda IL gratulerer Robert Andre Moldestad med Nordisk sølv i vektløfting, klasse 62 kg (56-62 kg kroppsvekt). Han fekk 81 kg i rykk og 103 kg i støt under Nordisk meisterskap for ungdom på Island i dag. Det var 5 deltakarar i klassa. Robert Andre har eitt år att som ungdomsløftar (t.o.m 17år) medan den svenske vinnaren var… Les meir »

Gull, sølv og bronse i NM Vektløfting Jr.

I helga var det NM i vektløfting for juniorar i Gjøvik. Sogn og Fjordane stilte sterkt og frå Breimsbygda idrettslag var det heile 7 deltakarar og dei kom heim med edelt metall i bagasjen.

Eldsjelprisen 2015

Ola Bergheim vart under årsmøte til Breimsbygda idrettslag tildelt Eldsjelprisen 2015. Ola har vore leiar i vektløftargruppa gjennom fleire generasjonar og dei siste åra har vektløfting og styrketrening hatt ein skikkeleg opptur i Breimsbygda. Ein velfortent pris!

Stimulanseprisen 2015

Under årsmøte til Breimsbygda idrettslag 28.februar vart Robert Andre Moldestad tildelt laget sin stimulansepris. Robert Andre trenar seriøst og målbevisst for å kunne prestere på eit høgt nasjonalt nivå, innan fleire idrettar og var ein verdig vinnar av Stimulanseprisen 2015.

Årsmøte Breimsbygda IL

Søndag 28. februar blir det årsmøte i BBIL hos Bakar Jon. Vi håpar lagets medlemmer set av denne kvelden og møter då det er mange viktige saker som skal takast stilling til! Sjå sakliste ved å lese vidare…     Årsmøte i Breimsbygda il søndag 28. februar 2016 kl 20.00 hjå Bakar Jon Sakliste: Konstituering. a) Godkjenning av innkalling… Les meir »

Årsmelding 2015

Her kan du lese årsmeldinga for BBIL for 2015.   Husk årsmøte 28. februar hos Bakar Jon!  

Bronse i lag NM

Fantastisk innsats av Breimsgutane og 3.plass i ungdomsklassen under lag NM i vektløfting! Gratulerer til Ole Kristoffer, Reiel, Robert Andre, Leiv Arne og supertrenar Ola!!! Følg vektløftargruppa til BBIL på Facebook her for siste oppdateringar