Volleyball »

Årsmelding for 2018

Årsmeldinga er no klar og blir levert ut i løpet av dei neste vekene. Om du ikkje klarar å vente kan du lese den her no!! 😀 KLIKK PÅ BILDET OVER FOR Å LESE…

Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018

Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Jannike Felde som vart tildelt Årets eldsjel 2017.

Tidlegare BBIL spelar klar for lanslaget!

Innvikaren Oskar Raftevold (#4) som no spelar for Førde VBK er teken ut til bruttotroppen til landslaget i volleyball. Oskar starta si volleyballkarriere i BBIL og spelte for 2. divlaget 2011-2014. Vi gratulerer og ynskjer lukke til!

Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

Treningstider 2017-2018

Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

Hetlestøylen opp

Orienteringsgruppa og friidrettsgruppa inviterer til Hetlestøylen opp, komande onsdag klokka 18.00. Vi oppfordrar alle om å legge treninga si til løpet:)! Dette er super basistrening for alle mann alle! Onsdag 14.juni blir det motbakkeløp på Breim (start på Reed) To løyper, ei med start i ballbingen i Hovden (5.klasse og eldre), og ei med start på Brua oppover… Les meir »

Volleymoro – kvar mandag i sommar!

Vi samlast og spelar sandvolleyball mandagar frå 19-21. Dette er ei sosial ´trening´ kor vi berre spelar og har det moro. Ope for alle, menn, kvinner, gutar og jenter. Nedre aldersgrense ca 14 år (+/-). Dette er berre for moro, møt opp!

Ekstraordinært årsmøte i BBIL

Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.

Norsk Countrytreff

Help! Det er Norsk Countrytreff til helga og på grunn av mykje avbod manglar det ein del folk til diverse arbeidsoppgåver gjennom helga. NCT er den største inntektskilda til BBIL og vi håpar laget sine medlemmer stiller på! Dersom du ikkje har fått jobb og har moglegheit til å stille på ta kontakt med NCT på tlf 47… Les meir »