Fotball

  • OPPSETT MINIPUTT - TURNERING VIKANE

    Her er kampoppsett til turneringa for miniputtane på søndag 10 juni. Turneringa er på Innvik stadion. MERK at dei første kampane startar kl 1000.

    Møt i bra tid før kamp slik at trenarane får oversikt.

    Knøtteturnering Innvik 2017 v2

    Les meir

  • Profilering på 3v3 baner

    Reed Stadion er eit av dei flottaste idrettsanlegga i fylket. Med kunstgras av høgste kvalitet blir bana nytta både til kamp og trening gjennom heile året. Med 7 lag i seriesystemet og 9 miniputtlag, er det mange treningar og kampar som skal avviklast kvar veke.

    I tillegg vert anlegget nytta av naboklubbar og til fotballkretsen sine treningar og samlingar. Anlegget har og fasilitetar for friidrett og skal framleis nyttast til den tradisjonsrike Breimstafetten og 17. mai feiringa i bygda. Reed Stadion har og frigjort mykje treningstid for friidretten på Byrkjelo Stadion. Breimsbygda IL har gjort tiltak på området for å skape eit godt og innbydande anlegg. Men vi ynskjer å gjere området og fasilitetar enda betre og meir attraktivt.

    Barnefotball under 7 år i regi av NFF skal spelast 3 mot 3 utan keeper.


    BBIL har kjøpt 2 stk. minibaner som leverast med 2m lange moduler (200x50cm) kor vi tilbyr ferdig montert logoprofilering av din bedrift. Desse banene vert brukt både til dei faste treningane men også på større arrangement som miniputt turning der det er om lag 60 lag som deltek.

     

    Vi håpar næringslivet i kommunen ser verdien av dette og støttar oss!

    Prisar på banereklame:

    1500,- pr. seksjon.

    Innside: 2000 x 484 mm.

    Utside: 960 x 434 mm x 2 stk

    BESTILL PROFILERING FOR DI BEDRIFT HER

    Les meir

  • KAMPOPPSETT MINIPUTT SANDANE 6. MAI

    Her er oppsettet til turneringa på Sandane søndag 6. mai.

    Møt i bra tid før kamp slik at trenarane får samla laget.

    Dei laga som ikkje har fått drakter får dette utdelt på søndag.

    Knøtteturnerning Sandane 060518 Kampoppsett ENDELIG

    Knøtteturnerning Sandane 060518 Lagoversikt ENDELIG

    Les meir

  • SERIESPEL FOTBALL 2018

    Breimsbygda fotball har meldt på følgjande lag til spel i årets serie:

    • Senior A-lag Breimsbygda/Jølster 2 - kampdag tysdag
    • Gutar 15/16/17 år, 9ar (9ar/7ar serie) - kampdag fredag
    • Gutar 13/14 år, 9ar - kampdag måndag
    • Jenter 13/14 år, 9ar - kampdag tysdag
    • Jenter 12 år, 7ar (spelar saman med jenter 11 år) - kampdag torsdag
    • Gutar 11 år, 7ar (spelar saman med gutar 12 år)
    • Gutar 10 år, 5ar - kampdag måndag (spelar og miniputturnering)

    Serieoppsett (kampprogram) vert sendt ut frå fotballkretsen i starten av mars. Seriestart er venta i slutten av april.

    Det vert kalla inn til trenar- og lagleiarmøte når serioppsetta er lagt ut.

    Trening ute på kunstgraset startar opp så snart det er snø- og frostfritt. Blir annonsert.

     

    Les meir

  • ÅRSMØTE FOTBALLGRUPPA SØNDAG 28. JANUAR

    Tid: Søndag 28. januar kl 1930.

    Stad: Stadionbygget Byrkjelo.

     

    Enkel servering.

    Sakliste

    1. Godkjenning av innkalling
    2. Godkjenning av saksliste
    3. Val av to til å skrive under møteboka
    4. Val av møteleiar
    5. Val av referent
    6. Gjennomgang av årsmelding 2017
    7. Gjennomgang av rekneskap 2017
    8. Gjennomgang av budsjett 2018
    9. Val

     

    Saker til Årsmøtet må meldast til leiar Pål Sandal innan 23. januar på mail: fotball@breim.no

     

    Helsing

    Styret

     

    Pål Sandal – leiar

    Leif Øystein Felde - nestleiar

    Roger Hjelle - Kasserar

    Marita Kleppenes Sårheim – styremedlem (tek ikkje attval)

    May Britt Kvellestad – styremedlem

    Are Gil – styremedlem

    Les meir

  • TREKNING LOTTERI FOTBALLGRUPPA

    Her er vinnarane av lotteriet til fotballgruppa 2017:

    1. Verktøysett - Anders Kvile
    2. Serveringsknivar - Mariell Rygg Sandal
    3. Sesongkort Utvikfjellet - Johan Martin Heggheim Gåsemyr
    4. Lass med grus - Reiel Felde
    5. Årskort til treningsstudio 123 - Regine Aa Sandal
    6. Årskort til treningsstudio 123 - Nils R Sandal
    7. Gåvekort Bakar Jon - Britt Evy Vik
    8. Reolar - Linn Æresvik
    9. Klippekort PT Amok - Rasmus Gåsemyr
    10. Klippekort PT Amok - Nils Even Bjørnarheim
    11. Tursekk - Roar Arne Solheim
    12. Tursekk - Vilde Sårheim
    13. Tursekk - Ingeborg Nybø
    14. Tursekk - Randi Sårheim
    15. Jubileumsbok BBIL - Irene Støyva
    16. Jubileumsbok BBIL - Kristoffer Støyva Torheim
    17. Hårpleieprodukt - Eli Gåsemyr
    18. Ullskjerf - Hilde Kvile
    19. Barnas Store Sangbok - Mona Merkesdal Hole
    20. Laybed - Live Sofie Støyva

    Vi gratulere og takkar for støtta!

    Det kom inn nesten kr 25 000,- som vert  brukt til utstyr for våre unge fotballspelarar!

    Premiane vert levert på døre dei komande dagane. Om premien ikkje skulle dukke opp - ta kontakt med Pål Sandal tlf 95 26 12 69.

     

    Les meir

  • Håvard Hetle debuterte for Norge

    Håvard Hetle fekk sin landslagsdebut på G15 borte mot Ungarn 27.10. Norge vann 4-1. Etter å ha vore ubenytta reserve i den første kampen, stod Håvard i mål i heile kamp 2. Han blei med det første breimning med landskamp i fotball. Vi håpar det blir mange fleire. Neste landskamp for G15 er i mars.


    Foto: Magnus Kolberg, NFF

    Link til kampen:
    https://www.fotball.no/landslag/norge-gutter-15/2017/g15-norge-vant-igjen/

    Les meir

  • Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

    Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

    Les meir

  • Treningstider 2017-2018

    Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

    Les meir

  • Håvard på G15 landslaget!

    Håvard Hetle er teken ut på G15-landslaget som skal spele dobbellandskamp borte mot Ungarn.
    Kampane mot Ungarn blir spelt tysdag 24. og torsdag 26. oktober. Håvard er den første breimningen som
    er tatt ut på eit landslag i fotball.

    Moderklubben gratulerer!!

    Foto: haugenfotball.no

    Les meir

  • Herrekamp 6. divisjon

    Breimsbygda/Jølster 2 - Sandane 2
    Reed stadion
    Tysdag 26. september 19.00
    Vaksne (o 15 år) 40,- Born 20,-
    Kiosk

    Les meir

  • KAMPOPPSETT MINIPUTT INNVIK 24. SEPT

    Knøtteturnering Innvik 2017 endeleg kampoppsett

    Les meir

Arkiv alle saker