Friidrett

  • Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

    Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 10.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

    Les meir

  • Treningstider 2017-2018

    Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

    Les meir

  • God innsats av "våre" på UM Friidrett

    Ungdomsmeisterskapen (UM) i friidrett er å rekne som uoffesielt NM for aldersbestemte klassar, her møtest dei beste i frå heile Noreg! Årets arrangement har vore denne helga, på Fana stadion. Frå Breimsbygda har vi hatt med tre deltakarar: Robert Andre Moldestad (100 m og 200 m), Kaya van Hulst Sahin (1500 m hinder og 2000m) og Leiv Arne Støyva Sårheim (kule og diskos) deltatt - med gode prestasjonar.

    Leiv Arne fekk ein super 3.plass i kule (5 kg) med eit lengstekast på 13.15 m, og i diskos vart han nummer 5 med resultatet 36,79 m.

    Robert Andre deltok og i klassen g-17, og han satte personleg rekord i forsøksheatet på 100 m, og kom i mål på 11.55 sek, og kvalifiserte seg med det til finalen! Der vart han nummer 8. På 200 m sprang han i mål på ei bra tid; 24,41 sek. Han var spesielt godt fornøgd med den tekniske gjennomføringa av løpet, så det var bra!!

    Kaya stiller i gutar 15 år og deltok for første gong på UM. Kaya har hatt ein god sesong med mange konkurransar og gode tider, men klarte likevel å heve seg i konkurransane i Bergen. På 1500 m hinder kom han inn på 4.plass, på 4,52, 31 og på 2000m vart Kaya nummer 14 på tida 6.14.29. Begge desse resultata er personlege rekordar for Kaya. Betre kan det vel ikkje bli?


    BBIL-gjengen reiste saman med utøvarane i frå resten av Gloppen, og dei rapporterer om god stemning og ein kjekk tur.

    Les meir

  • Hetlestøylen opp

    Orienteringsgruppa og friidrettsgruppa inviterer til Hetlestøylen opp, komande onsdag klokka 18.00. Vi oppfordrar alle om å legge treninga si til løpet:)! Dette er super basistrening for alle mann alle!

    Onsdag 14.juni blir det motbakkeløp på Breim (start på Reed) To løyper, ei med start i ballbingen i Hovden (5.klasse og eldre), og ei med start på Brua oppover mot Hjelltunet (merka)....start klokka 18.00 begge plassar. Mål er, pussig nok, på Hetlestøylen - og der er det alltid god stemning. Påmelding til kleppenesa@gmail.com, 50kr pr deltakar, evt 200kr for familie. Dette er eit kjempekjekt og sosialt motbakkeløp, der både liten og stor kan få ei utfordring!

    Les meir

  • BREIMSMILA OG TERRENGLØP 06.05.17

    BBIL arrangerer laurdag 6. mai TERRENGLØP og mosjonsløpet BREIMSMILA. Begge deler har start på REED STADION. Terrengløpet er for jenter og gutar i alderen 6 – 14 år. Breimsmila er for alle.

     

    TERRENGLØP

    • KL 13:00               Utdeling av startnr til terrengløpet
      (vi godtar og påmelding ved start, men ønskjer flest mogleg førehandspåmeldingar )
    • KL 13:30               Start gutar/jenter 6-10 år. Kort løype ca 600 m
    • KL 13:45               Start Jenter 11-14 år. Lang løype ca 950 m
    • KL 14:00               Start Gutar 11-14 år. Lang løype ca 950 m

     

    Premiering til alle.

    Startkontingent: kr. 50,-

     

     

    BREIMSMILA

     

    • KL 14:30               Registrering og utdeling av startnr.
    • KL 15:00               Start BREIMSMILA, alle klasser.

     

    Premiering til beste gut/jente og beste mann/kvinne i konkurranse klassen.

    Trekking av premiar på startnr, blant mosjonistane.

    Startkontingent: kr. 50,-/familie kr. 200,-

    Påmelding til begge løpa: anne.svangtun@sfe.no

         

    Les meir

  • Ekstraordinært årsmøte i BBIL

    Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.

     

    Sakliste:

    1.Konstituering

    2. Val

    Vel møtt!

    Les meir

  • Innkalling og sakliste til årsmøte i Breimsbygda idrettslag

    Velkomen til årsmøte i Breimsbygda idrettslag søndag 5.mars kl.20.00.

     

     

     

    Sakliste til årsmøtet i BBIL på Breim skule 5. mars 2017 kl. 2000.

    1. Konstituering.
      1. Godkjenning av innkalling.
      2. Godkjenning av sakliste.
      3. Val av møteleiar.
      4. Val av sekretær.
      5. Val av to til å skrive under møteboka.
    2. Årsmelding for 2016.
    3. Rekneskap for 2016.
    4. Medlemskontingent for 2017.
    5. Budsjett for 2017.
    6. Val.
    7. Godkjenning av valde gruppestyrer.

    Møtet finn stad i klasserommet ved skulekjøkken i kjellaren, inngang ved gymsal.

    Les meir

  • Årsmøte friidrettsgruppa

    Årsmøte i friidrettsgruppa, søndag 22.1. kl. 19.00, i Stadionbygget. Vanlege årsmøtesaker. Meld ev saker til Reidar!

    Les meir

  • Resultat Helkjastøylen opp 02.09.16

    Resultat Helkjastøylen opp 02.09.16

    Mange fine personlege rekordar, til tross for mykje væte i terrenget/stien. Flott innsats.

    Frå Brua:

    Pga. feil med teknikken har vi dessverre ingen nøyaktige tider her denne gongen. Beklager.

     

    Frå ballbingen:

    Gutar 5-7 klasse:

    1. Mathias Aa Sandal: 23.59
    2. Anders Paulen: 32.27

    Jenter 5-7 klasse:

    1. Ellisiv Hetle: 30.15
    2. Regine Aa Sandal: 30.41
    3. Borgny Kristin Hetle: 38.30
    4. Kristina Hjelle: 40.16

    Gutar 8 klasse og eldre:

    1. Laiq: 25.00
    2. Håvard Hetle: 25.20
    3. Roger Hjelle: 26.04
    4. Kaya Van Hulst: 27.01
    5. Kåre Hetle: 27.55
    6. Kjell Paulen: 32.53
    7. Wahed: 33.35

    Trim:

    Grethe Aa Sandal

    Gro Larsen Hjelle

     

     

    Les meir

  • Helkjastøylen opp 02. september kl 18.00

    Helkjastøylen opp vert arrangert fredag 2. september kl 18.00. Start ved ballbingen og ved brua opp mot Hjelltunet. 1-4 klasse startar ved brua, medan 5. klasse og oppover startar ved ballbingen. Deltakarpremie til alle,

    Sjarmerande motbakkeløp for heile familien. To løyper, 3 km på sti, grusveg og litt asfalt, eller 1 km på sti. Konkurranseklasser: 1 km for dei som går i 4. klasse, eller er yngre, gutar og jenter. 3 km er delt i gutar/jenter 5-7. klasse, og gutar/jenter 8.klasse og eldre.
    Påmelding til kleppenesa@gmail.com
    Pris: 50kr enkeltstart, 200kr for familie.

    Foto: frå Helkjastøylen opp i mai 2016.

    Les meir

  • Trenar 1-kurs, friidrett

    Her er foreløpig informasjon/invitasjon til trenar 1 kurs i friidrett i Ulsteinvik til hausten. Kurset er ope for deltakarar frå klubbar frå Sogn og Fjordane.
    For å kunne ta kurset må ein ha gjennomført kurset «Friidrett for barn» eller tilsvarande. (aktivitetsleiarkurs) Ta kontakt med underteikna om nokon vil gå kurset og ikkje har gjennomført akkurat dette kurset som krevst men har tilsvarande kunnskap frå liknande kurs eller vidg skule idrettsfag eller likn.

    Behovet for nye trenarar er stort så vi håpar fleire vil ta trenar 1 på dette kurset.

    Trener 1 kurs i Ulsteinvik er i helgane 21-23/10 og 18-20/11
    Trener 1 er et nylig revidert kurs som erstatter det tidligere
    Ungdomstrenerkurset

    Omfang:
    40 timer (a 45 minutter)
    Derav 38 timer med kurslærer
    18 timer teori og 22 timer praksis
    2 timer er e-læring
    Link til kursplan

    Deltakeravgift kr 600 – som dekker kursmateriell og litteratur
    Kurslærer blir Morten Trane.

    Planlagt oppstart fredag kveld – og avslutning søndag tidlig ettermiddag (begge
    helger)

    Kretsen kan prøve å ordne overnatting på Sunnmøre Folkehøgskole (i
    gåavstand til Ulsteinhallen) – meld ifra til kretskontoret dersom noen ønsker
    dette.

    Nærmere program kommer etter sommeren.

    Mvh
    Norsk Friidrett Møre og Romsdal
    v/daglig leder Bente Krakeli
    mrfriidrett@friidrett.no
    909 26 225

    Kursplan finn de her: https://www.friidrett.no/globalassets/kompetanse/trenerkurs/kursplan-trener-1.pdf

    Les meir

  • Norsk Countrytreff

    Help! Det er Norsk Countrytreff til helga og på grunn av mykje avbod manglar det ein del folk til diverse arbeidsoppgåver gjennom helga. NCT er den største inntektskilda til BBIL og vi håpar laget sine medlemmer stiller på! Dersom du ikkje har fått jobb og har moglegheit til å stille på ta kontakt med NCT på tlf 47 57 86 63 44 eller epost nct@breim.no.

    Les meir