Idrettskulen 2018/2019

Idrettskulen 2018/2019

Vert gjennomført for aldersgruppa 1. til 4. klasse.

10 og 11 åringar kan delta dersom dei ikkje er med på treningar i særgruppene.

Det er ulike oppmøteplassar gjennom året. Sjå nettsida for meir info og årsplan. Vi satsar på ein snørik vinter med gode muligheiter for aktivitet på Utvikfjellet. Det er difor ikkje lagt opp til idrettskule i januar/februar utover treningstidene til skigruppa, men vi prøver oss på nokre økter før påske igjen.

1.-2. klasse TORSDAG KL. 18.00-19.00
3.-4. klasse TORSDAG KL. 19.00-20.00

Idrettsskulen vil fokusere på to ting:

1.Basisferdigheitar: Dette er grunnleggande trening som er viktig for alle, men spesielt barn og unge, for å utvikle seg sosialt og fysisk. Eksempel på slik trening er koordinasjon, balanse og rørsle.

2.Prøve ut eit breitt aktivitetstilbod: Bli introdusert for-og få teste ut flest mogeleg idrettar i ung alder er eit mål for idrettskulen. Idrettslaget har tru på at allsidigheit verkar positivt på utviklinga til barn og unge og dei får opplever meir mestring som gjev motivasjon som motverkar at ein vel å slutte med trening.

Treningane til idrettskulen vil difor veksle mellom dei ulike særidrettanei idrettslaget, men basistrening vil alltid vere ein del av økta. All aktivitet vert lagt opp for at ein skal oppleve mestring –sjølv om ein prøver ein idrett for første gong!

Veke Dato Aktivitet Oppmøte Merknad
42 18.okt Basis Byrkjelo gymsal
43 25.okt Basis Byrkjelo gymsal
44 01.nov Basis Byrkjelo gymsal
45 08.nov Handball Breimshallen
46 15.nov Volleyball Byrkjelo gymsal
47 22.nov Friidrett Byrkjelo gymsal
48 29.nov Vektløfting Byrkjelo gymsal
49 06.des Handball Byrkjelo gymsal
50 13.des Volleyball Byrkjelo gymsal
51 20.des Basis Byrkjelo gymsal
52 JUL/NYTTÅR
1 Utviken Treningane til skigruppa
2 Utviken Treningane til skigruppa
3 Utviken Treningane til skigruppa
4 Utviken Treningane til skigruppa
5 Utviken Treningane til skigruppa
6 Utviken Treningane til skigruppa
7 Utviken Treningane til skigruppa
8 VINTERFERIE
9 28.feb Vektløfting Byrkjelo gymsal
10 07.mar Handball Breimshallen
11 14.mar Basis Byrkjelo gymsal
12 21.mar Friidrett Byrkjelo stadion Evt. Byrkjelo gymsal
13 28.mar Trim/Fjelltur P- plass meieriet Begge gruppene møter kl 1800
14 04.apr Sykkel Byrkjelo skule
15 11.apr Orientering Gamle Byrkjelo bhg
16 PÅSKE