Idrettsklubben

idk_logo

Velkomen til IDK

 

  • Vaktlister til IDK

    Vi har satt opp vaktlister for siste del av sesongen til IDK 2017/18. Håper du har mulighet til å ta di vakt, om det ikkje passar er det flott om du prøvar å bytte med nokon av dei andre på lista.

    Du finn vaktlista her:  Etter jul 2017_2

    Les meir

  • IDK fredag 27.oktober

    Fredag 27.oktober er det elevkveld på Gloppen ungdomsskule. Andre/eldste gruppa på Idrettsklubben (IDK) går difor ut og vi lar 7.klasse vere med på første gruppa. Vi minner om at det er reglane på første gruppa som gjeld for alle. Velkomen på IDK!

    Les meir

  • Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

    Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

    Les meir

  • Treningstider 2017-2018

    Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

    Les meir

  • Vaktlister IDK

    Haustferien er rett rundt hjørnet og det betyr at vi straks er i gong med Idrettsklubben igjen! I dag gjekk vaktlister for første del av sesongen ut i posten. Nokre husstander er satt opp med to vakter før jul, andre med ein. Når nye lister kjem etter jul vil vi sette opp dei som no har fått to vakter med ein vakt osv. For at vi skal få dette til å gå opp, så håper vi så mange som mulig har mulighet til å stille på oppsatt tidspunkt. Sjå vaktlister for meir info. Det kjem meir informasjon om IDK, når vi nærmer oss oppstart.

    Idrettsklubben hausten 2017

    Les meir

  • Ekstraordinært årsmøte i BBIL

    Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.

     

    Sakliste:

    1.Konstituering

    2. Val

    Vel møtt!

    Les meir

  • Vaktliste IDK

    Her er vaktlista for IDK..

    Vaktliste til Idrettsklubben_etter jul

    Les meir

  • Innkalling og sakliste til årsmøte i Breimsbygda idrettslag

    Velkomen til årsmøte i Breimsbygda idrettslag søndag 5.mars kl.20.00.

     

     

     

    Sakliste til årsmøtet i BBIL på Breim skule 5. mars 2017 kl. 2000.

    1. Konstituering.
      1. Godkjenning av innkalling.
      2. Godkjenning av sakliste.
      3. Val av møteleiar.
      4. Val av sekretær.
      5. Val av to til å skrive under møteboka.
    2. Årsmelding for 2016.
    3. Rekneskap for 2016.
    4. Medlemskontingent for 2017.
    5. Budsjett for 2017.
    6. Val.
    7. Godkjenning av valde gruppestyrer.

    Møtet finn stad i klasserommet ved skulekjøkken i kjellaren, inngang ved gymsal.

    Les meir

  • Idrettsklubben 9.desember

    Pga. juleball på ungdomsskulen fredag 9.desember vert det kun ei gruppe på IDK. Den vert kl.18-20 og er for dei i 4.-7.klasse. Vi lar altså dei i 7.klasse vere med på første gruppa. Neste fredag er det sesongavslutning og to grupper som normalt. Vel møtt!

    Les meir

  • Idrettsklubben startar fredag 21.okt

    Vaktlister for idrettsklubben finn du her

    Les meir

  • Basis i gymsalen i barnehagen

    Tysdagar vert det basis trening for gutar/jenter frå 10 år og oppover i gymsalen på Reed, kl. 17.30 til 19.00. Basis trening er for ALLE idrettar, det er kondisjon, styrke, spenst, smidigheit, balanse, ja rett og slett allsidig trening, som gagnar alle idrettar. Uansett kva idrett ein vil drive med, er basis trening det viktigaste for å utvikle seg, eller for å kome i god form. Det er moro, så få med vener og still opp.

    Les meir

  • NB!!! Neste IDK (30.10) vert flytta til laurdag med halloween i Breimshallen!!!!

    Neste laurdag (31.10) arrangerer Bygdeungdomslaget halloween i Breimshallen. Vi legg difor opp til eit samarbeid med dei, og flyttar IDK til laurdag denne gongen.

    Det vert fortsatt to grupper - den yngste gruppa 18.00-19.30, og den eldste 20.00-22.00. 🙂

    Vi håpar at dei som har skrive seg på IDK (18.00-19.30: Birgitt Paulen og Sissel Eide Reed, og 20.00-22.00: Bente Hestenes) kan vere med i Breimshallen på laurdag. 🙂

    Les meir