Eldsjelpris

Breimsbygda idrettslag ynskjer å få inn forslag til Årets eldsjel 2017. Send inn forslag på e-post til kristin@breimsbygda.no innan 10.november 2017.

Årets eldsjel i Breimsbygda idrettslag.

Målsetjinga med prisen:

  • Synleggjere frivillig arbeid
  • Stimulere til frivillig innsats
  • Auke medvitet omkring rolla frivillig innsats har for lokalsamfunnet

 

Retningsliner for tildeling:

  1. Eldsjelprisen vert gjeve til ein person som med iver og begeistring gjer, eller har gjort, ein innsats til beste for idrettslaget.
  1. I vurderinga skal det leggast særleg vekt på at vedkomande person står fram som eit godt føredøme, viser pågangsmot og såleis stimulerar andre til frivillig innsats.
  1. Eldsjelprisen skal annonserast på BBIL si heimeside, og alle medlemmar i idrettslaget kan kome med forslag. Med kvart forslag må det fylgje ei kort grunngjeving for kandidaturet.
  1. Eldsjelprisen skal vere ein pengesum/gåvekort på 2.000 kroner og eit diplom, og kan delast ut årleg.
  1. Tildeling av eldsjelprisen vert gjort av AU i BBIL.