Stimulansepris BBIL

Stimulansepris i Breimsbygda idrettslag.

Målsetjinga med prisen er å stimulere unge utøvarar til satsing på ein eller fleire idrettar.

 

Retningsliner for tildeling:

  1. Stimulansprisen vert gjeven til unge og lovande utøvarar opp til og med 19 år.
  2. I vurderinga skal det leggast vekt på at utøvaren har vist framgang i si idrettsgrein, har viljen til å

      satse målbevisst, og er seriøs i trening og konkurransesamanheng.

  1. Stimulanseprisen skal annonserast på BBIL si heimeside, og alle medlemmar i idrettslaget kan

      kome med forslag. Med kvart forslag må det fylgje ei kort grunngjeving for kandidaturet.

  1. Stimulanseprisen skal vere ein pengesum/gåvekort på 5.000 kroner og eit diplom, og kan delast               

      ut årleg.

  1. Tildeling av Stimulanseprisen vert gjort av AU i BBIL.