Årsmelding 2009

Trimgruppa har avikla 4 formelle styremøter,og årsmøte denne sesongen.

Idrettsmerkeprøve har vore avikla ,med 2 prøver vår,og 2 prøver haust.I 2009 var det 2 personar som tok prøven,og det var Anny Egge og Jon Fossheim.

Aeobictrening kom i gang 12 mars,med Katrine Myklebust som instruktør.steptreninga kom i gang 22 oktober,med Anne Merete Kleppenes,og Oddny Kleppenes som avløysar.Frustrerte fruer trening starta på Reed 13 oktober,med Greta V Sårheim som trenar.Gamle gretne gubbar treninga starta på Breim skule 6 oktober,med Jon Fossheim som trenar. På alle desse treningane har det vore godt oppmøte.Merkinga av turstigen til Fløtrevarden vart vidareført i 2009.Vi har fått gode tilbakemeldingar frå fornøgde turgåarar.

OVERSIKT AV TURAR I 2009.

Tur 3.juni Raudefjellet 8 personar.

Tur 10.juni Fløtrevarden 3 personar.

Tur 17.juni Sandalstøylen 14 personar

Tur 24.juni Melkebakksteinen 4 personar.

Tur16.august.Utvikfjellet-kvilastøylen.3 personar.

Tur 3 .august.m /barnas turlag.Utvikfjellet til enden av fjellveieien.Her deltok 21 personar.

Reinløpet vart avikla 20 sept.i overskya,men flott turveir.

Vi takkar Nils Even Bjørnareim for lånet av hytta.Totalt 39 personar deltok .Det skulle vore fleire ,med ein so flott dag i fjellet.Haust-turen frå Nes/Kandalstøylen til Øykjeheia og vidare til Botnfjellet/Blåeggja vart avlyst p.g.a. dårleg veir,men vi set opp turen ved eit seinare høve.Romjulsturen gjekk 2 juledag,frå coopen til Støyva,skogsbilveien,lonevatnet og ned til meiriet.Ein flott tur i eit nydeleg vinterveir.Det var 8 personar med.Trimgruppa ynskjer forslag til turar vi kan arrangere komande år.

Med helsing oss i Trimgruppa.