Årsmelding 2010

ÅRSMØTE TRIMGRUPPA I B.B.I.L. GORDON HOTELL

ÅRSMØTE 2010 Trimgruppa BBIL

Torsdag 10. febr. 2011 på Gordon kl. 19.30

Desse møtte: Jon Fossheim, Turid Nerhus, Greta Sårheim Veien, Sabine Exner Reed og Solfrid Paulen Egge.

Sakliste:

Sak 1: Godkjenning av sakliste.

Sak 2: Valg av møteleiar; Jon Fossheim

Sak 3: Valg av skrivar: Solfrid Paulen Egge

Sak 4: Årsmelding; Vi gikk igjennom årsmeldinga.

Styret i 2010:

Leiar: Jon Fossheim på valg: 2012

Sekretær: Solfrid Paulen Egge 2011

Styremedl. Turid Nerhus 2012

Greta Sårheim Veien 2012

Sabine Exner Reed 2012

Sak 5: Rekneskap. Trimgruppa har ikkje eige rekneskap. Alle papir på utgifter og inntekter går til hovudlaget..

2008 2009 Budsjett 2010 Res.2010 Busjett 2011

Inntekter: 2.035,- 50,- 10.778,- 10.000,-

Utgifter 3.969,- 4.020,- 4.000,-15.708,-10.000,-

Resultat – 1.934,-3.970,-4.000,- 4.930,- 0

Kommentar frå kass. Kari Paulen i hovedlaget:

Sitat: -«Det er for så vidt rett at inntekter og utgifter går på hovedlaget, for det gjer jo alle gruppene sine inntekter og utgifter. MEN trimgruppa har eit «skyggerekneskap» som dei må forholde seg til, slik som dei andre gruppene. Det er også spesifisert i den rekneskapen som Olav sendte ut til siste styrmøte. Der var Trimgruppa oppført med 10.778 kr i inntekt og 15.708 i utgifter, dvs. 4.930 kr i minus, og gruppa kunne i 2010 gå med kr 4.000 i minus. No har trimgruppa blitt «utvida» med andre masseaktivitetar som aerobic, zumba og andre trimaktivitetar og derfor er budsjettet for 2011 utvida til kr 10.000 men då med inntekter også på kr 10.000, då desse nye aktivitetane genererer ein del inntekter.» -Sitat slutt.

Sak 6: Arbeidsplan.

På første møtet til trimgruppa i mars går vi igjennom og set opp ein arbeidsplan for 2011.

Innkomne forslag til turar:

Vora, Reed-støylen, Kandalstøylen, Dunheia, Sandalstøylen, Støyvastøylen.

Sak 7: Budsjett for 2011.

Sjekk med Kari Paulen korleis inntektene på aerobic og zumba blir registrerte, blir dei førte til inntekt på trimgruppa og korleis blir desse inntektene rekna ut og fordelte?

Sjekk rekninga på koppar/t-skjorter, premiar til Breimstrimmen 2010, om dette er kome med på 2010-rekneskapen.

Sak 8: Div. Saker:

· Annonse i avisa: Lyser ut middlar til turløyper på Vestlandet.

Gjensidige-stiftelsen. Merking av turløyper i dei fire Vestlandsfylka/nettsidene til Hordaland fylkeskommune.

Sabine får i oppgåve å sjekke opp nærmare kva dette går ut på.

· Ang. Styrketrening. Sjekk med Magnus Willumsen om det kunne være en idè å ha nokre instruksjons-kveldar for interessert i styrketreningsrommet i stadionbygget. Veiledning slik at ein er trygge på å bruke apperata rett og at ein trenar riktig. Solfrid sjekkar dette.

· Forslag: Måneskinnstur; fellestur. Greta set inn annonse om tur i måneskinn. kl. 19.00. Hodelykt, fottur på Hetlestøylen. Oppmøte på 1000-års plassen. Sabine får det med på facebook.

Sabine møter for trimgruppa på årsmøtet i hovedlaget.

Neste møte: Jon kallar inn til møte i mars.