Årsmelding 2011

ÅRSMØTE 2011 Trimgruppa BBIL

Onsdag 15. febr. 2012 kl. 19.00 Gordon Hotel

 

Desse møtte: Greta Sårheim Veien, Jon Fossheim, Sabine Exner, Turid Nerhus og Solfrid Paulen Egge.

 

Sakliste:

Sak 1: Godkjenning av sakliste.

Sak 2: Valg av møteleiar; Jon Fossheim.

Sak 3: Valg av skrivar; Solfrid Paulen Egge.

Sak 4: Årsmelding; Vi gikk igjennom årsmeldinga.

Styret i 2011:

Leiar: Jon Fossheim

Sekretær: Solfrid Paulen Egge

Styremedl: Turid Nerhus

Greta Sårheim Veien

Sabine Exner

Turid Nerhus, Greta Sårheim Veien, Sabine Exner og Jon Fossheim står på valg.

Turid Nerhus har sagt ifrå seg gjenvalg.

Janne Helen Seime, tlf. 48036167, har sagt ja til å være med i styret vidare.

Kommentar til Årsmeldinga.

Ang. Idrettsmerkeprøver med liten deltaking. Vi vil ta kontakt med leiar for aerobic og step med tanke på at det blir oppmoda om å ta idrettsmerke rett etter siste aerobic/step til

våren + etter oppstart av aerobic/step til hausten. Dette for å prøve å auke opp antalet av prøvetakarar av idrettsmerke.

Når det gjeld Zumba må vi sjekke opp kven som har ansvaret, ligg ansvaret for zumbaen under trimgruppa eller under hovedlaget.

Merknad: Trimgruppa har forslag om at Reisemål Nordfjord heller burde starte med å merke meir «ukjende» turar først, f.eks. Støyl til støyl-turen som trimgruppa har gjennomført fleire gongar med stort antal deltakarar. Dette pga. at dei turane som er nemnde av Reisemål Nordfjord er godt merkte frå før av.

Trimgruppa ønskjer også tilbakemelding frå Reisemål Nordfjord om framdrifta av merkinga og kva midlar som blir sett av til merkinga.

Reinløpet: Vi lanserte nye premiar for utlodding på startnummera i reinløpet; T-skjorte med motivet frå Reinløpet.

Ang. turane vi arrangerer i løpet av sesongen: Det bør noterast opp kven som er ansvarleg for turane og kven som er med som kjentmann.

Ang. Breimstrimmen; Forslag om å lage diplom for dei som har gått på alle postane. Eventuellt med premiering etter 3 år, 6 år osv. Dette kan vi diskutere vidare framover.

Sak 5: Rekneskap, kommentar til rekneskapen/budsjett 2012.

Årsmøtet/styret i trimgruppa stiller spørsmål ved beløpa i rekneskapen;

Annonser-reklame-sponsor: kr 5.715,- i 2011 mot 1.769,- i 2010 ? Premie Eurofoto 1.150+3510 denne siste m/inkasso

Trenarutdanning i 2011: kr 4.362,- ?? dansekurs v/Grete Aa sandal kr 3.000

Ledarutdanning i 2010: kr 6.345,- ??

ISDN Data Internett 2010: kr 5.544,- ?

Forslag om å sende kopi av referatet frå årsmøtet i trimgruppa til kass. Kari Paulen for å få tilbakemelding med forklaring på tala.

Sak 6: Arbeidsplan.

Vi må få ei oppklaring ang. Zumba, om ansvaret for Zumba ligger under Trimgruppa.

OBS: blomster til instruktørane.

– blomster til Nils Even for lån av hytta, eventuellt ei T-skjorte frå Reinløpet.

– blomster til Turid Nerhus som går ut av styret.

Breimstrimmen: ok å berre endre en stk. av postane kvart år, dersom det er aktuellt å endre, slik ar turane bli stabile, lett å vite om kor turane går.

Reinløpet, 30-års jubileet blir i 2013, dette kom fram ved opptelling av antall år det har vore arrangert, har vore avlyst 2 år.

Topptur til hausten: Vi satsar på et nytt forsøk på Botnafjellet med Atle Løvland som turleiar, veivisar.

Vi planlegg måneskinstur 8. mars ved fullmåne, enten på Fløtravarden eller på Hetlestøylen, avhengig av veiret.

Oppmoding om oppmøte på årsmøtet i hovedlaget den 26. febr. av dei som har anledning.

Møte slutt.