Årsmelding 2012

Styret i 2012.

Leiar :Jon Fossheim.

Sekreter :Solfrid Paulen Egge.

Styrem. :Greta Sårheim Veien.

Styrem. :Janne Helen Seime.

Nettansv. :Sabine Exner.

 

Trimgruppa har avikla 3 formelle styremøte,og årsmøte denne sesongen.

Det har ikkje vore avlagt idrettsmerkeprøver denne sesongen.Det har vore laber interesse i

å ta prøven dei siste åra.Dette kjem styret til å ta tak i for neste år.

 

I år er det Else H.Bolstad som har vore instruktør på aerobicen,medan Marion Bø,og Bente Egge Søvde har hatt anvar for zumbaen.

Alle har gjort ein framifrå god jobb,og gjer ein utruleg viktig jobb for fellesskapet.

 

Oversikt av turane i år.

13 juni :Nesdalen-Hestdalen-Reedstøylen.

20 juni :Støyvastøylen- Skavegga.

27 juni :Meiriet-Melkebakksteinen.

09 sept :Reinløpet.

Reinløpet vart arrangert for 29 gong.Veret var fint som lova,men dessverre ikkje før dei fleste var komne i mål.Det var ikkje nedbør,men ein sur vind på toppen.

Vi er vande med litt ver,og det skal meir til for å skremme oss.

Tusen takk til Nils Even Bjørnereim for lån av sel på støylen,der det vart servert kaffi,saft og sjokolade.48 deltakera fullførte årets løp.

Nest år er det 30 års jubileum for Reinløpet,og då håpar vi at så mange som mulig tek turen.

Haustturen vår til Botnafjellet måtte vi avlyse grunna dårleg veir.Vi set den opp att hausten 2013.Vi kryssar fingrane ,og seier alle gode ting er 3.

28. nov. :Måneskinnstur frå Utvikfjellet-Flølostøylen.

Vi er godt fornøgde med Antalet som har registrert seg på Breimstrimmen, og har laga eit eige oppsett på det i 2011/12 sesongen.

 

Med helsing oss i trimgruppa.