Årsmelding 2014

Leiar Jon Fossheim

Sekretær Silje Årdal

Nettansvarleg Sabine Exner

Styremedlem Rune Fure

Styremedlem Gro Larsen Hjelle

 

Det har vore avvikla 4 formelle styremøte, og årsmøte for 2014.

Trimgruppa har ikkje avlagt idrettsmerkeprøvetaking då det ikkje har vore interesse for det.

Trimgruppa har hatt ein god sesong, med stor aktivitet. Vi har hatt mange Breimningar og andre med på tur, i den fantastiske fine naturen vi har. Det er veldig gledeleg at vi ser ein trend at barn og ungdomane våre ser verdien av å bruke naturen.

Dette synest vi i trimgruppa er viktig basistrening, for alle som ynskjer å satse vidare på ein idrettskarriere. Vi ser og at det er god folkehelse for alle godt vaksne, som brukar naturen på ein slik positiv måte.

Trimgruppa har i 2014 merka 3 turar med nye skilt, og lagt til rette for at ein kan gå på Eggenibba tørrskodde. Merkinga var ein stor dugnadsjobb, og vi vil takke alle som stilte opp og hjelpte til.

Dei 3 turane vi merka var Parkeringsplassen Svoda-Fløtravarden,Grustaket-Støyvastøylen og Frå Egge til Eggenibba.Vi manglar enda informasjonstavle på desse turane, og reknar med att dei er på plass i 2015.

Oversikt av turane i år.

14 januar :Måneskitur til Flølostøylen

04 Juni :Støyl til støyl v/Greta

02.Juli :Meiriet-Melkebakksteinen v/Jon

Breimstrimmen.

Går vidare som før med to nye postar som er Restøylen og Dunheia.

Vi tok då vekk Svartebotnen og Fløtravarden som post.

Trimgruppa har som mål å bytte på nokon postar kvart år,s lik at alle deler av bygda kjem med. Vi tek gjerne mot forslag til nye trimpostar, og det går godt ann å bruke oppatt postane frå tidleg

 

14 sept. Vart det 31 reinløpet arrangert i eit fantastisk flott ver, når skodda letta ca. kl. 12(Nede i bygda låg skodda heile dagen). Etter ei matøkt m/kaffi og saft, kosa folk seg i den varme sola på Støyvastøylen. Vi registrerte 60 personar denne dagen, og det synest vi er flott.

Vi takkar fam.Nils Even Bjørnareim for lånet av hytta, til kaffikoking og base for Reinløpet.

24.aug. Hovedturen vår til Bøafjellet via Seims/Rådastøylen og Bøvassu vart avlyst pga. dårleg ver. Vi håper å få tatt turen ved eit seinare høve.

 

Vi i trimgruppa takkar alle som har bidratt med å gjere 2014 sesongen so bra, og ser fram til å møtast med stor aktivitet, og flotte turar neste år.

Velkomen til friluftsåret 2015

Med helsing oss i trimgruppa.

Jon