Årsmelding 2016

Leiar       :Jon Fossheim

Sekreter :Astrid Volle

Nettansv:Sabine Exner

Styrem.   :Rune Fure

Styrem.   :Britt Bakka

 

Det har vore avikla 4 formelle styremøte,og årsmøte for 2016.

Trimgruppa har ikkje avlagt idrettsmerkeprøvetaking då det ikkje har vore interesse for det.

Trimgruppa har hatt ein god sesong,med stor aktivitet.Vi har hatt mange Breimningar ,og andre med på tur, i den fantastiske fine naturen vi har.Det er veldig gledeleg at vi ser ein trend, at barn og ungdomane våre ser verdien av å bruke naturen.

Dette synest vi i trimgruppa er viktig basistrening, for alle som ynskjer å satse videre på ein idrettskariere.Vi ser og at det er god folkehelse for alle godt voksne, som brukar naturen på ein slik positiv måte.

Breimstrimmen som begynte 1. oktober 2016,bytte vi 2 poster.Dei nye postane er Sandalsstøylen og Blånibba.

Den digitale registreringa går vidare med GEOREG appen,og pr.i dag er det 57 registrerte personar.Dette har auka med 28 personar sidan  2015.

Dette er gratis,og enkelt å bruke.Du kan følge med på poenga,og alle turane du går når du har registrert deg.

På Fløtravarden er det berre elekt.reg.

Ellers ligg boksane som før,og kan brukast som vanleg.Er det noko du lurer på om GEOREG appen er det berre å ta kontakt med oss i  trimgruppa.

Trimgruppa har som mål å bytte ut 2 postar kvart år,slik at alle deler av bygda kjem med.

Det går ann å bruke opp postane som er brukt tidlegare.

 

Oversikt av turane 2016

01.06.   Postveien frå Hole til Svoda                   Ansv.Rune Fure

15.06.   Støyl til støyl                                              Ansv. Sabine

06.07.  Meiriet-Melkebakksteinen                      Ansv. Jon

17.08. Kvilestøylen-Grønnskrea-Tistamskaret  Ansv. Sabine

Det var bra oppmøte på fellesturane,men flest damer som går.Oppfordringa til trimguppa blir å få fleire menn med på dei flotte turane våre.

Merking av turar.

I 2016 har vi fortsatt arbeidet med merking av 4 turar.Dette er arbeid som blir ferdigstilt i 2017.

Fossheim til Fossheimstøylen/Sandalstøylen.Ferdig merka.

Strand til  Vora.                                                      Under arbeid.

Myklebustdalen til Veiteberg.                             Under arbeid.

Meiriet/Skytebana til Melkebakksteinen          Under arbeid.

 

Trimgruppa vil takke: Jostein Bergheim,Pål Lauretsen,Kjell Hjelle og Eirik Myklebust for arbedet med organiseringa av merkinga.

 

11 sept. Vart det 33 reinløpet arrangert med opp til fleire årstider samtidig,generelt mykje veir.Det var både sol ,yr,medvind,motvind og regnboge.Etter ei matøkt m/kaffi og saft og sjokolade, kosa folk seg  på Støyvastøylen.Vi registrerte  58 personar denne dagen,og det synest vi er flott.

Tre heldige fekk trekt ei Reinløpet-t-skjorte på regnr.Desse var:

Norunn Nybø,Jørgen Fure og Julie Nerhus Eide.

Vi takkar fam.Nils Even Bjørnareim for lånet av hytta,til kaffikoking og base for Reinløpet.

4 sept. var hovedturen vår  til Bolsetenipa i Jølster,som gjekk i eit strålandes veir.

Det var ein fantastisk flott tur,men med få deltakarar.Annsv:Jon

 

Vi i trimgruppa takkar alle som har bidratt med å gjere 2016 sesongen so bra,og ser fram til å møtast med stor aktivitet ,og flotte turar også neste år.

For styret i trimgruppa

Jon