Årsmelding 2017

ÅRSMELDING TRIMGRUPPA 2017.

Leiar       :Jon Fossheim

Sekreter :Astrid Volle

Nettansv:Sabine Exner

Styrem.   :Rune Fure

Styrem.   :Britt Bakka

 

Det har vore avikla 4 formelle styremøte,og årsmøte for 2017.

Trimgruppa har ikkje avlagt idrettsmerkeprøvetaking då det ikkje har vore interesse for det.

 

Trimgruppa har hatt ein god sesong,med stor aktivitet.Vi har hatt mange Breimningar ,og andre med på tur, i den fantastiske fine naturen vi har.Det er veldig gledeleg at vi ser ein trend, at barn og ungdomane våre ser verdien av å bruke naturen.

Dette synest vi i trimgruppa er viktig basistrening, for alle som ynskjer å satse videre på ein idrettskariere.Vi ser og at det er god folkehelse for alle godt voksne, som brukar naturen på ein slik positiv måte.

Breimstrimmen som begynte 1. oktober 2017,bytte vi 2 poster.Dei nye postane er Melkebakksteinen og Eggenipa.

Den digitale registreringa går vidare med GEOREG appen,og pr.i dag er det  registrert over 100 brukarar.Dette har auka  jamt og trutt sidan  2015.

Dette er gratis,og enkelt å bruke.Du kan følge med på poenga,og alle turane du går når du har registrert deg.Styret i trimgruppa,vurderer  å satse berre på elektronisk registrering frå 2018/19 sesongen.Dette vil spare oss for mykje arbeid med registreringa.

På Fløtravarden er det i dag berre Georeg registrering.

Ellers ligg boksane som før,og kan brukast som vanleg.Er det noko du lurer på om GEOREG appen er det berre å ta kontakt med oss i  styret.

Trimgruppa har som mål å bytte ut 2 postar kvart år,slik at alle deler av bygda kjem med.

Det går ann å bruke opp att postane som er brukt tidlegare.

 

Oversikt av turane 2017

07.06.   Støyl til støyl                                              Ansv. Sabine

21.06.  Meiriet-Bjørkelostøylen-Lonevatnet      Ansv. Jon

28.06.  Meiriet-Melkebakksteinen                      Ansv. Jon

09.08.Tistamskaret ,Snøfjellet                             Ansv. Sabine

 

Det var bra oppmøte på fellesturane, men flest damer som går. Oppfordringa til trimguppa blir å få fleire menn med på dei flotte turane våre.

 

Merking av turar.

I 2017 har vi fortsatt arbeidet med merking av 2 turar.Dette er arbeid som vi håper blir ferdigstilt i 2018.

Fossheim til Fossheimstøylen/Sandalstøylen.  Ferdig merka.

Strand til  Vora.                                                      Under arbeid.

Myklebustdalen til Veiteberg.                             Under arbeid.

Meiriet/Skytebana til Melkebakksteinen           Ferdig merka.

 

Trimgruppa vil takke Jostein Bergheim, Pål Lauretsen ,Kjell Hjelle, Jostein Moldestad og Eirik Myklebust for arbeidet med organiseringa av merkinga.

Reinløpet og toppturen.

10. sept. Vart det 34 reinløpet arrangert med med eit litt varierande veir.Det var både sol,og

litt kald vind,men utan nedbør.Det var godt å kunne vere inne å fyre i ovnen  .Etter ei matøkt m/kaffi, saft og sjokolade, kosa folk seg  på Støyvastøylen.Vi registrerte  55 personar+ ca 30 reinsdyr denne dagen,Det var verdt turen berre det.Vi registrerte 19 personar som var med for første gangen,so det er gledeleg att rekruteringa er i orden.

Tre heldige fekk trekt ei Reinløpet-t-skjorte på regnr.Desse var:

Astrid Volle,Kasper Olai Paulen og Ruth Fuglestrand.

Vi takkar fam.Nils Even Bjørnareim for lånet av hytta,til kaffikoking og base for Reinløpet.

August var hovedturen vår til Vora(1435m). Turen gjekk frå Strand, i eit strålandes veir.

Det var ein fantastisk flott gjeng, (Sjølv om det var nokon som hadde dårleg tid) med 24 påmeldte personar.Vi takker kjentmann, og ein framifrå dyktig turleiar Gudmund Egge for ein minnerik tur.

Vi i trimgruppa takkar alle som har bidratt med å gjere 2017 sesongen so bra,og ser fram til å møtast med stor aktivitet ,og flotte turar også neste år.

Jon Fossheim