Digital registrering – Georeg

Trimgruppa tok  1. oktober 2015 i bruk den digitale registreringsappen Georeg, som blei utvikla i samarbeid med idrettslaget BRODD. Talet til dei som brukar Georeg er stadig aukande. T.d.d. er det 57 deltatarar som pleier å registrere seg digitalt.

Takket vere tilbakemeldinger frå trimmarar er systemet blitt enklare å bruke etter kvart.

Enkelt å bruke. Du må gjere 2 ting: registrere deg på Georeg og  laste ned appen til smartphonen din, så går registreringa som ein leik. Når du er minst 50 m frå ein trimpost som er registrert i Breimstrimmen klikkar du på appen. Så klikkar du på «Registrere». Alt er internet-basert og det oppstår ingen kostnadar.

Fordelar. Du sparar Trimgruppa for manuell opptelling og tyding av namn. Dette vil frigjere eit hav av tid. Du får full oversikt over dine turar til einkvar tid. Du blir oppdatert korleis du ligg an, både i forhold til poeng og i forhold til andre. Det er eit trygt system, du er ikkje avhengig av mobildekning og det er GRATIS!

Ulemper. Ikkje alle har smartphone. Enkelte vil oppleve registreringa som ein teknisk terskel. Bøkene blir ikkje brukt i same omfang som før, men i overskueleg framtid vil vi bruke både bøkene og appen til registrering. Dersom du brukar appen treng du ikkje skrive deg i trimboka. Viss du likevel har veldig lyst til å gjere det, er det sjølvsagt mulig. Skriv då GEOREG i parantes, slik at du ikkje rikerar å få dobbelt med poeng.

Kva skjer dersom trimposten ikkje har dekning? F.o.m. 1. juni 2016 er appen oppdatert til å takle det. Då blir registreringa lagt i kø for seinare utsending.

Registrer degGeoreg i dag, du òg. Spør gjerne medlema i styret om hjelp til oppstart.

Les meir om Georeg her

Sabine

registrere