Reinløpet 2019 avlyst

Som sikkert dei fleste har fått med seg, er det meldt tilnærma ekstremvêr med mykje regn og vind i morgon. Sjølv om vi i Trimgruppa har vore ute ei vinternatt før, set vi sikkerheita først og ikkje utset deltakarane for fare. Difor går årets Reinløp dessverre ut.

Reinløpet i 2019 blir på søndag, 15.9.19

Registrering til kl. 10.30 – 12.00.

Møt opp på parkeringsplassen på Sandtaket på Utviken.

Startkontingent er for vaksne 50 kr, for barn 30 kr og for familiar 100 kr.

Som tidlegare trekker vi flotte t-skjorter med Reinløpet-motiv blant alle som har gått turen.

Husk å gå ruta via Torheimstøylen. På Støyvastøylen ventar kaffi, saft, frukt og sjokolade. Fint om alle stikk innom her.

For å utdelt premien, diplom og få kjøpt bronse/sølv-og gullmerke, må ein ha komt ned igjen til kl. 15.00.

Du får vite kor mange gongar du har gått allereie ved start. Diplom får alle som går for 1. gong.

Velkomen og god tur på ein fin haustdag. Ver med å halde ein god gamal tradisjon i hevd.

P.S. får vi eit gjensyn med reinen?

Reinløpet 1982, konkurranseklassa. (Firda - P.S. Reed)

Søndag 12.september 1982 vart det første Reinløpet arrangert i regi av trim- og ski gruppa i Breimsbygda idrettslag. Ideen var å samle ski- og friidrettsutøvarar frå Nordfjord og Sunnfjord til ein haustleg styrkeprøve. Den om lag 9 km lange terrengløypa vart lagt frå Svoda, rundt Støyvastøylen, om Torheimstøylen, under Skaveggja til Støyvastøylen, vidare ned til Mosehaugane, så til Brekka og til målplassering ved skitrekket. Dårleg oppslutnad om konkurranseklassane, mest grunna vanskeleg og steinete løypetrase for løparar i stor fart, gjorde slutt på konkurransen etter tre år. Turklassen vart derimot ein suksess med inntil 150 deltakarar på det meste, og utdeling av bronse, sølv og gullmerker etter 3,6 og 9 år. Løpet har vore avlyst to gonger, i 1997 og 2002. I 2017 vert det difor 34. gongen det vert arrangert Reinløpet på Utvikfjellet.