Breimstrimmen

 

BREIMSTRIMMEN 2018-2019

I år blir det 10 elektroniske turmål/ postar. Framover blir ikkje bøkene samla inn lenger. På kvar av desse måla får ein poeng; 3, 4, 6, 7 eller 10, alt etter kor lang turen er.  Det blir gitt 1 p per time  pluss 1 p per 100 høgdemeter fram til posten. Nye mål for Breimstrimmen i år blir Skavegga og Skitnevatnet. Sandalsstøylen går ut i år pga. vanskeleg tilkomst. Ungar og andre utan smartphone kan registrerast på mobilen til dei vaksne som er med på turen.  Viss du har smartphone, men ikkje vil bruke den, kan du enkelt notere turane dine sjølve og melde dei inn til ein i styret ved sesongslutt. Her kan du lære om Georeg: Les meir her.

Det vert delt i to klassar, over og under 15 år (til og med det året dei fyller 15 år). Det vert premiering i kvar klasse etter poeng. Alle som har registrert seg på alle postar blir heiderleg nemnt, men ein få diplomplakaten berre når ein har gått 3-6-9-… år.  Tidlegare år finn du i menyen til høgre.

Sesongen for Breimstrimmen er frå 15. september – 15. september!

Årets mål 2018-2019

 

Tur Poeng Høgde m.o.h. Gåtid ein veg Merka (M) / Umerka(Um) Ansvarleg for denne trimposten er.
1. Melkebakksteinen
5 664 1,5 t M
  Rune Fure
2. Snøfjellet/ Grønskreda 6 1030 1,5 t M/Um   Britt Bakka Henriksen
3. Snuplass, Flølostøylen 3 735 1,5 t Grusveg   Rune Fure
4. Støyvastøylen 3 854 1 t M, hellelagt  Les meir her Jon Fossheim
5. Eggenipa 10 1338  2,5 t M
Les meir om turen her Astrid Volle Støyva
6. Blånibba
10 1067 3 t   Britt Bakka Henriksen
7. Skitnevatnet 3 600 1 t  M, rås Les meir her Jon Fossheim
8. Tistamskaret 4 825 1 t  M, rås  Link til ut.no Sabine Exner
9. Skavegga
5 1057 3 t rås (delvis)   Sabine Exner
10. Fløtravarden 3 850 1 t M, rås Les meir her

 

Astrid Volle Støyva

 

 

Tur 1 Start frå Byrkjelo sentrum eller Meieriet. Merka rute.

Tur 2 På ski er det best å gå frå parkeringsplassen på Utviken via Fløtravarden. Til fots er det enklast å gå via Tistamskaret. (Sjå Tur 8)
Tur 3 Her føl ein veien frå Svøda. Kassa med bok står på snuplassen ved vegenden.
Tur 4 Kan gå frå Utvikfjellet mot Brekka og Støyvastøylen eller frå grustaket (rett før skitrekket) på Breimsida.

Tur 5 Bomveg ( 50 kr ) til Eggestøylen. Så bratt opp lia til over skoggrensa. Det blir ein del klyving fram til toppen. Du kan gå same vegen tilbake eller fortsette sørover og gå tilbake via Gåsemyrstøylen. Sjekk om brua over elva er på plass! Turen er ikkje eigna for dei med høygdeskrekk.

Tur 6 Bomveg (Liavegen) til parkeringa nedafor Hetlestøylen eller til bommen (Breimfjellsvegen). Du kan gå via Hetlestøylen og Brattlihaugen.

Tur 7 Du køyrer heilt til Myklebust og vidare på skogsbilveg fram til Myklebuststøylen. Gå på merka rås. Posten ligg ved hytta før du kjem til vatnet, omtrent halvvegs på den merka løypa frå Myklebustdalen til Stardalen.

Tur 8 Kjør bomvegen Liavegen til parkeringsplassen ved den nye Breimfjellsvegen. Gå via Kvilestøylen. Du kan også starte på Utvikfjellet.

Tur 9 Gå via Støyvastøylen (sjå tur 4). Du kan følgje råsa opp til varden som du ser frå støylen. Rås vidare oppover og vidare innover til du nærmar deg kanten på fjellet. Du kan også gå ein rundtur ved å følgje råsa til Svartebotnen fram til den svingar til venstre. Her må du ta av og gå bratt om fjellsida til du treffer på varden.

Tur 10 Start på parkeringsplassen på Utviken og følg først vegen, så merka sti.

Kom deg ut – bruk kroppen – nyt naturen – og sank poeng