13. juni 2018 Sandalsstøylen

Mens vi venta på regn og storm: Vi brukte denne fine kvelden til årets første onsdagstur. Sidan det var så kjekt på tur, stilt og fint og heilt topp temperatur, ville vi ikkje gå heim med det samme. Så gjekk vi også innom Fossheimstøylen og så den bratte traktorvegen ned igjen. No ventar vi ikkje berre på regn, men også stive musklar dei nærmaste dagane 😛

Neste tur går til Melkebakksteinen med Jon som guide. Onsdag, 27. juni. Møt opp kl. 18.00 ved meieriet.